Fortset med fire fakultet

HVL går vidare med fire fakultet i neste åremålsperiode. Det vedtok HVL-styret i dag. Når det gjeld den framtidige organiseringa av det nye rektoratet ba styret om ei breiare saksutgreiing inn mot neste styremøte - og då med særleg merksemd på å finne gode løysingar for det som er knytt til stadleg leiing.

- Vi har hatt ein god og brei diskusjon i styret om organisering og strukturelle endringar, både i dag og i tidlegare møte. Det er semje i styret om å gå vidare med den gjeldande fakultetsstrukturen, seier styreleiar Arvid Hallén.

- Når det gjeld organiseringa av det nye rektoratet fekk styret presentert to modellar. Vi er einige om at vi treng ei litt meir systematisk drøfting av kva som taler for og i mot dei ulike modellane, mellom anna kva som gir best løysing på problemstillinga om stadleg leiing, før me gjer eit endeleg vedtak.

- Det er viktig at vi som styre og organisasjon tar oss denne tida. Vi står ved eit viktig vegval og eg har god tru på at vi skal klare å samle oss om ei god løysing som varetek ei god balanse mellom ulike omsyn, slik at vi løyser samfunnsoppdraget vårt best mogleg.

Satsingar som styrker fagmiljøa

Av andre større saker i årets siste styremøte var «Budsjett for 2021» ei sak som styret brukte god tid på. Styret ga klare signal inn i det vidare arbeidet med detaljbudsjetteringa.

- Digitalisering blir eit viktig område å prioritere. Vi fekk ei god løypemelding som peiker på viktige og konkrete satsingar som styrker fagmiljøa og heile HVL.

- Studentrekruttering særleg for ingeniørfaga og grunnskulelærarutdanningane er også ei viktig satsing for styret, og då kopla med berekraftige campus.

Gode tiltak knytt til studentane sin trivsel og psykiske helse vart og peikt på. Styret drøfta også dei strategiske satsingane som ein meinte er gode på overskriftsnivå, men der det er viktig korleis desse blir konkretisert i tiltak, mellom anna knytt til ekstern samhandling.

Studietilbod engasjerer

Det samla studietilbodet for 2021/22  fekk temperaturen opp i styret.

- Studietilbodet vårt er ein heilt sentralt del av verksemda vår og styret fekk ei kompleks sak på bordet, der endringane viser ein organisasjon i utvikling. Størst merksemd vart retta mot framlegget om nullopptak på årsstudiet i engelsk på Stord.

Dekanen grunngav dei vurderingane som var gjort, og gjorde framlegg om at fakultetet kunne sjå på saka på nytt før rektor tar endeleg avgjerd. Dette støtta styret.

Saker heng i lag

Hallén seier at mange av sakene på dagens styremøte viser at fleire tematikkar og strategiske satsingar heng tett i hop. Det har styret merksemd på.

- Vi ser at det er mange saker som grip inn i kvarandre og det er særs viktig å sjå og lage gode heilskaplege løysingar slik at vi får tatt det samla ut i organisasjonen.

- Dette gjeld mellom anna campusutvikling, studietilbodet vårt, digitalisering, livslang læring, universitetsambisjonen, studentrekruttering og profilering, og ikkje minst korleis vi organiserer HVL framover i retning av det nye universitetet vårt.

Takka av rektor

På dagens styremøte fekk studentdemokratiet også presentert seg for styret.

- Vi har eit aktivt og godt studentdemokrati som jobbar godt. Det er vi som styre stolte av, seier Hallén som og takka av Berit Rokne på ein flott måte.

- Du har leia utviklinga av HVL i desse fire første åra på ein imponerande måte. Det har vore eit komplekst arbeid og du har handtert ei liste av utfordringar.

- Vi skal klare så mange ting samstundes, både det å realisere fusjonen og byggje ein ny institusjon, drive utvikling og gjennomføre den daglege drifta på eit høgt nivå. Du har saman med leiargruppa halde god framdrift i arbeidet i ein organisasjon der alle tilsette har ytt ekstra for å løyse utfordringane.

- Du har gjort dette på ei førebiletleg måte. Du er open, du responderer og følgjer opp saker. Tusen takk på vegne av heile styret, sa Hallén.

Ein rørt rektor takka.

- Eg har brukt heile meg i rektorrolla. Kvar dag har vore ei glede. Eg har hatt ei fantastisk leiargruppe rundt meg, og mykje har gått bra, og så har vi framleis mykje å ta fatt i. Og det blir det no vår nye rektor Gunnar Yttri som skal ta fatt i.

- Eg vil takke for ros og ris. Ein spesiell takk til deg styreleiar Arvid. Du har vore god og lett å samarbeide med, avslutta Berit Rokne.