Frå bre til bølge

Vilde Sørnes Solbakken ville ha ein studiestad der ho kunne byte ut filmkveldar med kveldskøyring på ski. Dette semesteret finn vi likevel friluftslivstudenten på eit surfebrett i Australia.

Med ei friluftslivsinteresse som var gått litt i dvale, følgde Vilde tips frå venner og saknet etter snø og surfing. Dette førte ho til Sogndal. Her har ho funne seg godt til rette i eit studentmiljø ho beskriv som aktivt og oversiktleg.

Alltid gira folk

– I Sogndal kjenner du nokon frå alle delane av bygda, bokstavleg talt. Her
har du aktivitetar for alle, og det at vi bur så nær naturen, gjer at vi har mange
moglegheiter. Eg opplever Sogndal som ein plass der folk alltid er gira og
motiverte til å finne på alt mogleg.

Gjennom bacheloren i friluftsliv har ho mellom anna lært korleis ho skal
leie grupper på tur, og å handtere ulike situasjonar som oppstår undervegs.

Naturen som klasserom

– Vi har hatt kurs i ski og skred, vinterfriluftsliv, klatring, havkajakk og kano.
Vi har vore på lokale turar i Sogn, skitur på Jostedalsbreen, ei vekes
vintertur på Hemsedalsfjellet, toppturcamp i Hurrungane og klatretur
til Frankrike. Vi brukar naturen som klasserom og lærer mykje av
kvarandre når vi er på tur.

Desse erfaringane håpar Vilde å kunne bruke til å jobbe med rehabilitering,
og å ta med folk som treng det, ut i naturen. Men det kan òg hende det
blir lærar av ho på sikt.

Utveksling i Australia

Før det freista surfeforholda i Australia. Det siste semesteret i friluftslivsstudiet
reiser ho derfor på utveksling til University of the Sunshine Coast.

– I Sogndal vart eg med på nokre surfeturar til Stad, og når moglegheita
no byr seg til å kombinere studium og surfing langs austkysten av Australia,
passar det meg perfekt. Eg er veldig spent på å møte ein annan kultur og trur
at det vil bli eit lærerikt halvår med mange kjekke opplevingar.

Vilde - kort fortalt

Frå Øyer i Gudbrandsdalen
Studium Friluftsliv
Kvifor Campus Sogndal På grunn av fjord og fjell og eit mindre miljø
Fritidsaktivitet Ski, surf, vere med venner, likar òg ganske godt
å vere på tur, naturleg nok
Sogndal med eitt ord Fartsfylt
Alltid i skulesekken Treningskle
Sosialt Møter venner i ei god, varm stove eller går ein tur i frisk luft

Sjå korleis det er!