Frå næringslivet til HVL – med eit hjarte som bankar for akademia

Han har hatt leiarroller i verksemder som Equinor og Hydro. No tar Torbjørn S. Heyerdahl med seg det han har opparbeida seg av leiarerfaring tilbake til HVL for å jobbe for samfunnsoppdraget til HVL, og akademikaren.

– Eg ser for meg HVL som eit stort canadisk lønnetre, med fem sterke røter: ei i kvar av campusane våre, fortel den nytilsette dekanen ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS).

Det er lett å sjå for seg treet som reiser og brer om seg, ikkje i Canada, men vest på Noregskartet. Den nye leiaren held ivrig fram om sine visjonar for både fakultetet og HVL.

– For meg handlar det først og fremst om å legge godt til rette for at kjerneverksemda vår, forsking og utdanning,– kan få vekse i best mogleg jord. Og vi i staben og leiinga må understøtte: vere gode gartnarar, seier han.

Ein leiar og omsettar

Han er utdanna innan organisasjonsvitskap, med doktorgrad frå Handelshøyskolen (NHH). CV-en hans er nok meir samansett enn for ein gjennomsnittleg HVL-tilsett: han har vore innom jobbar som fjøsavløysar, reinhaldar, konfliktmeklar, internjournalist, pleieassistent og fengselsbetjent,- i tillegg til å ha fartstid frå høgskulen og industrien.

– Dei ulike rollene har kanskje ulik status i samfunnet vårt, men for meg har alle rollene vore viktige på kvar sin måte – og dei har alle vore klart utviklande i synet mitt på leiing, fortalde han i ei helsing til dei FØS-tilsette før han starta i jobben som dekan i august. 

Den tidlegare førelesaren får positive tilbakemeldingar frå fleire hald, og mange tilsette ved FØS har hatt han som undervisar sjølv. På spørsmål om han ikkje kjem til å sakne å førelese, svarar han at han tar med seg mykje av dei same føremåla til rolla som dekan.

– Mykje av det eg liker med å førelese, er det å vere kunnskapsformidlar: å gjere ting levande for folk. I  den rolla eg har gått inn i no, er det også behov for ein omsettar. Ein er nøydd til å forstå tilsette, og heile spekteret, og da må ein sette seg inn i mottakaren sin ståstad. Så du kan seie at eg tar med meg interessa for å vere kunnskapsformidlar, men lever det ut på andre måtar, oppsummerer han.

Opptatt av fellesområda

Lønnetreet og naturmetaforane til Heyerdahl er kanskje ikkje så tilfeldige. Når han ikkje er ute i embets medfør, er han glad i fysisk arbeid, og gjerne ute. Når han skal kople av, finn han til dømes stor glede i å klippe plenen. Så stor glede gir det han, at når han er ferdig med sin eigen hage, så fortsett han på fellesområda i nabolaget. Når han etterpå ser nabobarna leike der, er det ein ekstra bonus.

Om ein kunne sjå for seg Heyerdahl klippe gras ved HVL, så er han nok av typen som held fram utover FØS sin bit av plenen også. Han er opptatt av at han skal bidra til å spreie eigarskap og entusiasme om FØS og HVL som eitt felles prosjekt. Ein kan ikkje sjå fakultetet separat frå rammene som høgskulen legg.

– Da HVL blei bygd som éin organisasjon, måtte vi sentralisere og samordne. Men når strukturen no er sett, må vi gi litt meir «slækk»  i organisasjonen til å finne lokale og smidige løysingar. Vi må få til gode prosesser innanfor strukturane.

Eller som han også seier det:

– Treet er planta i god jord, men no kan vi jobbe med å ta ut potensialet!

Å bli – og å vere – eit universitet

Som ein del av toppleiinga ved høgskulen, skal Heyerdahl vere med på å styre organisasjonen dei neste fire åra, mot godkjenning av eit profesjons- og arbeidslivsorientert universitet. Men han legg vekt på at dette er eit langsiktig prosjekt.

– Eg meiner vi må ha eit mål om å bli universitet. Men vi skal også ha eit mål om å vere eit universitet, og det krev mykje av oss alle, også fakultetet. Vi må ha kvalitet i utdanningane, meir internasjonalisering, auke forskingsproduksjonen og -kvaliteten. Vi blir nøydde til å løfte i flokk for å klare dette, understrekar han.

I mange år har han hatt i bistillingar ved HVL. Han har vore innom som førelesar både innan førskulelærar- og lærarutdanninga, og økonomi og administrasjon på fleire av HVL sine campusar. I tillegg har han vore involvert i arbeid med etter- og vidareutdanning på Vestlandet. Kor viktig er denne erfaringa frå HVL for den jobben han skal gjere no?

– Det er eit godt spørsmål. Eg kjenner organisasjonen frå gammalt av, og frå ulike hald. Mange fagfolk opplever at leiarar og administrasjon kan vere distansert frå det dei jobbar med. Da er det viktig at vi bygger bru mellom leiinga og dei tilsette, mellom administrasjon og fakultet, seier han.

Torbjørn og Napoleon.jpg

Det stod ikkje på ambisjonane til Napoleon, noko Torbjørn Heyerdahl finn inspirasjon i: – Sjølv om FØS er HVL sitt minste fakultet, har vi egenart, vilje og klare ambisjonar om å sette spor etter oss i samfunnet.

Den akademiske middelveg

Éi sak Heyerdahl brenn litt ekstra for i heile institusjonsutviklinga, er akademikaren. Kva vil det eigentleg seie å vere ein akademikar? Og kva særmerker ein fagleg-vitskapleg institusjon som HVL frå utsida?

– Utdanningsmarknaden har blitt ein konkurransemarknad. Mange spør seg om dei skal gå ein akademisk veg, eller om dei skal velje eit kortare løp, resonnerer Heyerdahl.

Han meiner det blir viktig å få fram kva det betyr å velje den akademiske vegen, og kva for meirverdi den vegen kan gi.

– Metoden vår, dei analytiske tilnærmingane våre: Det handlar om nyansar! Akademikarane forstår at røyndomen har mange nyansar, han er ikkje svart-kvit. Desse nyansane kjem tydelegare fram, også når det gjeld konseptet med at vi skal bli eit arbeidslivs- og praksisorientert universitet. Dei nyansane er viktige i mange ulike roller i arbeidslivet, og gjer akademikarane betre til å ta avgjerder, meiner han.

– Å få fram akademikaren sin verdi er viktig, ikkje for å distansere oss, men for å tydeleggjere oss, understrekar han.

Framtida har ein arbeidsplass på Vestlandet

Noko Heyerdahl gler seg til i jobben som dekan ved FØS, er å kople fagmiljø: å få til å krysse folk, og krysse fag.

– Der trur eg vi har ei stor fordel. Og så må vi få fagfolka meir fram i scenelyset, legg han entusiastisk til.

Å bidra til at dei tilsette får meir «scenelys», kan igjen gjere at HVL blir meir synleg ute i samfunnet. 

– Vi gjer veldig mykje bra ved HVL. Det er eit utruleg nettverk mellom fleire av dei andre fakulteta og samfunnet i kommunane: lokalt næringsliv og gode forgreiningar i samfunnet. Men vi kan alltids jobbe med forbetring, attraktivitet og relevans, – til dømes opp mot miljø og berekraft, seier dekanen.

Kollegaar ved HVL trur at det Heyerdahl har med seg frå akademia, kombinert med erfaringa frå industrien, er ein stor fordel. Dei meiner han tar med seg «ferskvare»-kunnskap om det å vere tett på arbeidslivet. Men han spesifiserer at det ikkje alltid er HVL si rolle å berre møte behova frå arbeidslivet.

– Vi skal også vekke behov. Vi må lytte til behova til arbeidsmarknaden, og vere fleksible og i forkant – ikkje minst i det grøne skiftet og i utviklinga av Vestlandet. Eg brenn for å vere med på det regionbyggande prosjektet HVL er: vi bygger identitet mot kystkultur, industri og så vidare, gjennom dei ulike campusane. Eg meiner vi har stordriftsfordelar som hjelper oss med å bli relevante langs heile kysten, og vi har mykje å hente på få til ei enda betre samordning, fortel han.

Skal leie saman i team

Heyerdahl presiserer at han skal leie fakultetet saman med andre; at dei er et team av leiarar som skal jobbe saman. Derfor vil han gå i gang med ei organisert utvikling for alle leiarane på fakultetet i haust.

 – Eg vil vere tett på «mine», men eg kan ikkje vere til stades for 140 stykke. Det er viktig at vi som leiar-team legg godt til rette for våre tilsette, at vi er støttande, og kanskje retningsgivande. Og vi må hugse at vi leiar menneske, ikkje boksar, understrekar han.

Å vere ein synleg og lyttande leiar er ei anna av dei viktigaste prioriteringane til Heyerdahl. Og skal vi tru fleire av kollegaane hans, har han gode føresetnadar for å få det til. Dei beskriv han som inkluderande, inspirerande og «ein som er god til å sjå folk».

Ein nær kollega av han meiner også at HVL har fått rett mann på rett plass, og spår at «han har eigenskapar som kjem til å dra HVL vidare». Vonleg mot å bli eit stort og sterkt lønnetre, i full blom.

Vi presenterer fleire nye leiarar denne hausten. Sjå også intervju med: