Frå sosionomstudiet til jobb i barnevernet

Susanne Martinsen og Renate Kjøbstad hadde begge eit ønske om å gjere ein forskjell. Å utdanne seg til sosionom fall difor naturleg. No har begge fått seg jobb i barnevernet.

– Som sosionom er det viktig å like å snakke med andre menneske. Mange familiar vi møter er i ein sårbar situasjon og treng å bli møtt med respekt og forståing. Difor er det viktig med gode kommunikasjonseigenskapar og kunne lytte til andre si fortelling om eige liv. I kvardagen vår er det viktig at vi både er nysgjerrige og empatiske, fortel Susanne Martinsen og Renate Kjøbstad. 

Fekk utdanninga anbefalt

Dei to valde sosionomutdanninga ved campus Bergen fordi dei fekk den anbefalt av andre som har gått der tidligare.

– Vi ble fortalde at det var engasjerte og dyktige lærarar på skulen, seier dei. 

Susanne og Renate blei ferdig utdanna i fjor og fekk seg raskt jobb i barnevernet etterpå. Dei legg ikkje skjul på at overgangen frå studie til jobb har vore overveldande, men meiner også at utdanninga har gitt dei eit godt grunnlag som kjem til nytte i dag: 

– Gjennom studiet fekk vi generell kompetanse innanfor ulike felt. På den måten fekk vi eit unikt høve til å sjå kvart enkeltmenneske og korleis ulike offentlege system påvirkar den enkelte i kvardagen. Dette gjer at vi alltid har med oss eit heilskapleg bilde av menneska vi arbeider med, forklarer dei.

Brei kompetanse – mange moglegheiter

Gjennom heile sosionomstudiet jobba dei både tverrfagleg og i grupper.

– Dette har ført til at vi er betre rusta til å samarbeide med ulike typar menneske og samarbeidspartnarar og spele på kvarandre sine styrker og svakheiter, legg dei til. 

Sosionomutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er treårig og finnest både på campus Bergen og campus Sogndal. I Sogndal finst dessutan ei eiga barnevernutdanning

Sosionomar kan jobbe innanfor mange ulike felt. Mange jobbar i sosialtenesta i NAV, og andre i same sektor som Renate og Susanne; i den kommunale barnevernstenesta. Faktisk utgjer sosionomar den nest største yrkesgruppa i kommunalt barnevern etter barnevernspedagogar.

Sosionomar arbeider også i helsevesenet med rusproblematikk eller i psykiatrien. Dei kan også jobbe i kriminalomsorga, på barnevernsinstitusjonar, asylmottak, i skuleverket eller i frivillige organisasjonar.

Fagleg påfyll

Vi møter Susanne og Renate når dei er tilbake på høgskulen. Saman med andre nytilsette i den kommunale barnevernstenesta og 2.klassestudentar på sosionomstudiet, er dei her for å delta på opplæring i standardiserte undersøkingar i barnevernet, den såkalla "Kvello-malen". Fellesopplæringa for studentar og barnevernstilsette er eit nytt samarbeid mellom Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet.

Susanne og Renate synest det er både viktig og nyttig å delta på seminar som dette. 

–  Det er viktig å hugse på at vi aldri er ferdig utlærte som sosionomar. Difor det viktig at vi heile tida ser etter fagleg påfyll. Då kan vi utvikle oss sjølve som sosionomar og menneske slik at vi kan gjere ein betre jobb for familiane vi samarbeider med, avsluttar dei. 

Fakta: