
Fullt hus på campus Stord og Haugesund!
Meir enn 700 elevar besøkte Haugesund og Stord på open dag. Her fekk dei ein smakebit av kva HVL har å by på av utdanningar og studentliv.
8. og 15. november vart det arrangert open dag. Elevane, som var frå både Vg2, Vg3 og folkehøgskule, fekk informasjon om utdanningane i plenum og høve til å besøke ulike stands.
Årets studentambassadørar tok godt i mot elevane og viste dei kva HVL har å by på, saman med engasjerte fagmiljø.
Stort engasjement i Haugesund
Elevar frå Kopervik Vgs, Skeisvang Vgs, Haugaland Vgs, Vardafjell Vgs, HTG, Ølen Vgs og Karmsund Vgs hadde sett av siste halvdel av skuledagen til å besøke HVL. Etter ein felles presentasjon og litt mat kunne elevane besøke stands i vrimleområdet, og delta på presentasjonar av ulike utdanningar i klasserom rundt om på campus.
Fleire av utdanningane fortalde i etterkant om godt besøkte klasserom. I vrimleområdet let elevane seg fascinere av simuleringsdokka til sjukepleiarutdanninga, og nokon tok seg ein sykkeltur på sykkelen som ingeniørfag hadde med seg på stand.
Endeleg kan vi vise fram campusane våre!
– Det er flott at vi endeleg kan opne opp campusane våre for potensielle studentar etter ei lang tid med pandemi, seier Stine Stangeland Bach, fagansvarleg for studentrekruttering og marknadsføring ved HVL.
– Fysiske møter er eit ekstra viktig tiltak i rekrutteringsarbeidet, og vi ser at vidaregåande elevar set pris på å treffe både studentar og fagtilsette. Nytt for i år er at vi sender ein studentambassadør frå kvar campus, slik at heile HVL er representert på open dag, seier Stangeland Bach.
– Me er her for dåke så ta tak i oss når du har eit spørsmål!» slik opna studentambassadør Jakob Viken Open dag.
Samla heile Sunnhordland på Stord
Campus Stord hadde innrykk av rundt 300 elevar frå nærliggande vidaregåande skular og Stord Folkehøgskule. Elevane reiste til Stord frå vidaregåande skular på Fitjar, i Kvinnherad og Bømlo. Frå Stord kom det besøk frå Stord Vgs og Stord Folkehøgskule.
Dagen var full av innhald, og elevane fekk presentasjon av studietilboda dei kan velje på campus Stord, og også nokre av studietilboda på campus Haugesund.
Sette pris på å møte studentar
Elevane fekk også informasjon om korleis det er å vere student, med presentasjonar frå Saman, Råmund studentidrettslag og Studentersamfundet, og dette var særleg interessant for elevane.
Det var også omvising på campus, der studentar og studentambassadørar viste dei rundt og fekk tid til å prate litt i mindre grupper. Det kom konstruktive og gode tilbakemeldingar frå elevane i etterkant.
– Me vil studere og ha eit godt treningstilbod» Hedda sit seg ned på eit treningsapparat og Natalie og Ramone tykkjer det er kjempebra at Sammen har så gode treningstilbod på Høgskular og Universitet. Dette er eit viktig tilbod og eit stort pluss i studiekvardagen tykkjer dei.