Gjer geoparkane tilgjengeleg for alle

Det ligg mykje spennande kunnskap i verdas geoparkar. Gode digitale læringsressursar skal gjera fleire av dei tilgjengelege for heile verda.

Geoparkar er område som har stor tyding for ei berekraftig verd. Her blir kunnskap om naturen vår løfta opp og fram.

Sist veke gjekk startskotet for det ferske Erasmus+-prosjektet GeoSite som HVL er i føringa på.

– Kjernen er å bringa elevar til geoparkane og geoparkane til elevane, fortel prosjektleiar Hege Myklebust.

Fire land er med

Under oppstartssamling på campus Stord samla ho representantar for geoparkar frå fire land: Italia, Irland, Romania og Noreg, saman med representantar frå lærarutdanninga på campus Stord og NettOp-avdelinga til Universitetet i Stavanger.  

– Me skal utvikla digitale undervisningsressursar til bruk i og om geoparkane, og samstundes generelle retningslinjer, slik at også andre kan laga liknande ressursar ved hjelp av desse, seier ho.

Så gode og treffsikre som råd

Det overordna målet med prosjektet er å betra undervisningskapasiteten innan partnarorganisasjonane.

Prosjektet skal gå over tre år, og ein håpar å kunna auka talet på besøkande elevar og lærarar til geoparkane ved hjelp av desse ressursane.

– Kunnskap om berggrunnen, landskapet og bruken av desse gjennom tidene, og ikkje minst korleis me skal forvalta dei i framtida er viktige tema som elevar og lærarar på mange nivå skal inviterast inn i ein dialog om.

– No har me hatt eit godt oppstartsseminar, og me ser fram til å leggja hovuda i bløyt for å gjera desse undervisningsressursane så gode og treffsikre som råd, seier Myklebust