Gir og får gode råd

HVL treng gode råd frå arbeidslivet – og arbeidslivet treng gode råd frå HVL. I nærregion Stord/Haugesund er samspelet med arbeidslivet langt, sterkt og godt.

Alle norske universitet og høgskular har Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). I nærregion Stord/Haugesund har ein i mange år hatt eit aktivt råd som møtast to gongar i året for å samarbeide meir, informere kvarandre betre, utfordre, lytte og byggje seg sterke saman. Akkurat det siste er mange opptekne av.

I dag var det møte på campus Stord og tema var:
1. Nytt frå Høgskulen på Vestlandet
2. Råd for samarbeid med arbeidslivet – undervegsevaluering frå NIFU


Prorektor Liv Reidun Grimstvedt innleia og fortalte om utviklinga av HVL og kva som skjer av arbeid vidare.
 
Fleire av medlemmene i rådet peika på dei positive moglegheitene som no ligg føre med å samla kompetansen på tvers. Ikkje minst det å få til nye studietilbod og forskingsprosjekt i nærregionane, ved dei ulike campus og på tvers av heile Vestlandet.

- Tenk om me kunne få realisert ein stor idrettshøgskule på Vestlandet. No ligg moglegheita der, oppmoda Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn.

Eit anna tema i ordskiftet var betydinga av å sjå heile Vestlandet som ein kompetanseregion. Ein region kor HVL har ein sentral plass.  

- Me må sjå heile Vestlandet under eitt. Eg har eit ønskje om å få til eit tettare samarbeid med UiB og UiS inn mot klyngene, sa Egil Severeide i Haugesundregionens næringsforening i sitt innlegg.

For kommunane er tilgang på vidareutdanningar og det å bli trekt inn i forskingsprogram meir og meir viktig, kommenterte Gro Jensen Gjerde og Wenche Tislevoll i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Sverre Meling jr. i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland og Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd poengterte behovet for å få entreprenørskap inn på alle utdanningar og på alle nivå.

- Relevans og nært samarbeid med arbeidslivet gir verdiskaping. Difor treng me å møtast og snakke det same språket, sa Sandtorv.

- Entreprenørskap ligg rotfesta i det vestlandske, og det må vera ein del i ryggraden til HVL, la Meling jr. til.


KLAR TALE: - Relevans og nært samarbeid med arbeidslivet gir verdiskaping. Difor treng me å møtast og snakke det same språket. Me må kopla fagarbeidaren og professoren, sa Anne-Grete Sandtorv (tv) i Stord Næringsråd. Til høgre Wenche Tislevoll (Samarbeidrådet for Sunnhordland), Gro Jensen Gjerde (Samarbeidrådet for Sunnhordland), Arne Bergsvåg (Rogaland Fylkeskommune) og Egil Severeide (Haugesundregionens næringsforening).