
Gir retning for strategiarbeidet
Høgskulestyret siktar høgt med den nye strategien. - Vi er offensive og ønskjer at den nye strategien vår skal gi tydeleg retning og god fart i åra framover, seier styreleiar Arvid Hallén.
Opplegget for arbeidet med ny strategi og utviklingsavtale var to hovudsaker som styret såg ei nær og god samanheng mellom, og som dei drog med seg inn i dei andre sakene på styremøtet torsdag 3. februar.
For bakom dei to nemnde sakene ligg mellom anna rammer og føringar gjennom tildelingsbrev, utvikling av ein berekraftig og framtidsretta studieportefølje, auka forskingsaktivitet, internasjonalisering og universitetsambisjonen.
- Mykje av kunnskapsgrunnlaget som vi baserer desse prosessane på kom godt fram i oversynet på korleis høgskulen har utvikla seg desse fem første formande åra. Det same gjeld for innspela til styrets fråsegn i innleiinga til årsrapporten.
- Utdanning er eitt av hovudoppdraga våre. Her er vi sterke, samstundes som vi styrker oss stadig meir innan forsking, nyskaping og innovasjon. Vi har eit godt moment i HVL no både til å posisjonere oss, spisse profilen vår og til å ta nye steg. Dette er styret oppteken av.
- Vi har eit stort nedslagsfelt på Vestlandet og leverer jamt og godt, men bidraget til regional utvikling skal styrkast i åra framover. Vi må såleis finne gode samhandlingsarenaer med eksterne aktørar i arbeidet med å arbeide fram ny strategi og utviklingsavtale.
- Fortellinga om HVL og det nye universitetet skal tre enno tydelegare fram.
Pandemihandteringa blei og diskutert i Zoom-møtet.
- Styret opplever at ein har handtert pandemien på ein god og stødig måte sjølv om det har gitt både studentar og tilsette store utfordringar.
- Fleire er opptekne av at vi tar erfaringane med oss inn i utviklinga og styrkinga av høgskulen. Særleg dette med digitalisering og livslang læring var oppe. Det må arbeidast klokt med det også inn mot målet om å ha levande campusar.
Utvikling av førstekompetanse og toppkompetanse var og til debatt. Ei viktig sak med tanke på å realisere universitetsambisjonen.
- Utviklinga av førstekompetanse og toppkompetanse har stor merksemd. Men like viktig er den kompetanseprofilen som skal kjenneteikne oss.
- Rapporten som var lagt fram for styret viser at det er nyanser og biletet er samansett. Sjølv om det har flata ut nokre stader, så er styret tilfreds med arbeidet og dei grepa som er i gong. Det er tiltak som vil gi resultat.
Av andre saker som styret handsama på årets første møte var habilitetsreglement og årsmelding frå Forskingsetisk utval.