Gleda seg over veksande studentmiljø innan helse i Førde

Statsråd Oddmund Hoel helste på nye studentar frå eit sjukepleiarkull i Førde som er langt større enn fjorårets. I tillegg kom han med gladnyheita om 20 nye studieplassar for legestudentar i Førde.

Besøket til forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel 25. september i Førde blei svært travelt. I lag med kommunalminister Erling Sande var han først innom Helse Førde, der dei to statsrådane i lag med rektor frå Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, kunne fortelje om oppstart for den desentraliserte studiemodellen Vestlandslegen ved UiB. Dette vil resultere i at 20 av medisinstudentane som startar i Bergen i 2025, flyttar vidare til Førde i 2028 og fullfører dei siste tre åra av studiet i Helse Førde.

Vegg i vegg med sjukehuset kan HVL, campus Førde, også glede seg over ein stor auke i studentar på sjukepleiarutdanninga i år. Dette skjedde som følgje av eit lokalt opptak i sommar der karakterkrava innan matte og norsk var fjerna. Frå neste år vil karakterkravet heller ikkje gjelde for det ordinære studieopptaket.

Takksame for å sleppe å ta opp fag

- Studentmiljøet her er utruleg bra. Det er jo ikkje så stort. Men det er hardt arbeid å gå her!

Dette kunne sjukepleiarstudent Ingrid Liseth Leganger fortelje til Oddmund Hoel under besøket hans på campus Førde. I likskap med medstudentane Pernille Jarlstad og Martine Kjenes-Ludvigsen var ho blant dei som kom inn på andreopptaket i sommar, der karakterkrava blei fjerna. Dette førte til at årets kull med bachelorstudentar i Førde blei langt større: 86 personar møtte til studiestart på sjukepleie heiltid i haust, i motsetnad til 47 personar i fjor. I tillegg starta 48 personar på deltidsutdanninga. Dette førte til ekstra liv og glede på studiestart.

- Den gode stemninga herifrå nådde heilt inn til oss i departementet! sa Oddmund Hoel.

- Eg er veldig takksam for at karakterkrava blei lempa på. Dermed kunne eg starte på sjukepleie rett etter at eg var ferdig med vidaregåande, i staden for å måtte vente eit år og ta opp matematikken. Og eg ville heller ikkje visst om det ville bli nok til å komme inn, sa Jarlstad, som kjem frå Fredrikstad.

- Eg trur ikkje de kjem til å merke nokon forskjell på oss som kom inn utan å oppfylle mattekravet og dei andre. Vi er oppsette på å jobbe hardt og klare alt det vi må klare for å bli sjukepleiarar! sa Leganger, opphavleg frå Bergen.

- Utdanninga krev mykje av studentane, og vår erfaring er at studentane sin motivasjon til å lære er vel så viktig som karakterane dei kjem inn med, sa Randi Skår, dekan ved Fakultet for helse og sosialvitskap.

Ønsker å fjerne yrkespraksiskravet for masterstudentar

For sjukepleiarutdanninga ved HVL samla har tala vore svært gode etter løftet frå det lokale opptaket. Det førte til 205 ekstra studentar i alt, og studieplassane ved alle fire campusar der utdanninga finst, blei fylte. Statsråden delte gleda over dette. Randi Skår fortalte om at høgskulen planlegg å drive følgjeforsking på det nye opptaket for å sjå kva effekt det etter kvart vil ha på kor mange som fullfører utdanninga.

- Det er klokt. Mostanden mot dette grepet finst framleis i nokre miljø, så vi må jobbe vidare med å etablere dette. Høgskulen har gjort ein veldig god jobb med å trygge folk på at kvaliteten på utdanninga vil vere den same, sa Hoel.

(På bildet: Oddmund Hoel, ordførar i Sunnfjord Jenny Følling og Randi Skår)

Elles tok Skår og instituttleiar Georg Førland opp andre utfordringar. Spesielt la dei vekt på kravet til to års yrkespraksis for folk som vil inn på masterutdanningane innan intensivsjukepleie, anestesi og operasjon.

Medan høgskulen ønsker å fjerne kravet, er nokre av helseføretaka imot dette. Det er uheldig, og til hinder for at studentar – ofte unge kvinner – går vidare og fullfører spesialistutdanning. Profesjonsmeldinga som blei lagt fram i vår legg opp til at det blir redusert til eit år med yrkespraksis, men likevel er det problematisk med eit slikt avbrot i utdanningsløpet med tanke på rekruttering, understreka Skår. Ministeren var lydhøyr overfor dette.

- Når vi ser at vi ikkje får fylt opp plassane innan intensivsjukepleie i Bergen, er det eit klart teikn på at yrkespraksiskravet går ut over rekrutteringa. Dette var ein kompetanse vi såg var svært viktig under pandemien, sa Skår.

Vestlandslegen styrkar det helsefaglege miljøet

 20 nye studieplassar innan medisin til Førde blei feira under ein pressekonferanse på Førde sjukehus på føremiddagen. Dette er eit ledd i å bygge opp den desentraliserte studiemodellen Vestlandslegen ved UiB, noko som også vil omfatte studieplassar i Stavanger og Haugesund. Det medisinske fakultet ved UiB, Helse Førde, HVL og Sunnfjord kommune har samarbeidd for å få dette til.

I 2028 kjem dermed 20 legestudentar til Førde. Gradvis vil det bli 60 legestudentar i tre ulike kull når studiet er fasa inn – noko som vil styrke rekrutteringa av legar til regionen, og dessutan også styrke forsking og utdanning innan helse i Førde.

- Dette høyrer saman med ei breiare satsing frå regjeringa på at heile landet skal med. Dei som studerer her, har langt større sjanse for å bli buande her, sa Hoel.

Randi Skår understrekte at dette var svært viktig for innbyggarane i Sunnfjord og på Vestlandet, men også for HVL:

- Vi forventar at det å få fleire studentgrupper og tilhøyrande fagmiljø på campus vil gi synergiar både til studiemiljø, læringsmiljø, og fag- og forskingsmiljøet. Det er viktig at studentane som skal samarbeide i sine framtidige yrke, lærer å samarbeide med kvarandre gjennom utdanninga, sa ho.

(På bildet: Jenny Følling, Erling Sande og Oddmund Hoel under omvisning på nybygget på Førde sjukehus, under pressekonferansen om Vestlandslegen. Til venstre: Arve Varden, administrerande direktør ved Helse Førde)

Oddmund Hoel og Erling Sande feirar dei 20 nye studieplassane for legestudentane. I bakgrunnen: Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord.