Gøril er HVL sitt studentombod

– Ta heller kontakt ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier Gøril Hillersøy, som nyleg tok til i stillinga som studentombod ved høgskulen.

Hillersøy kjem frå Førde, og skal ha hovudarbeidsplass på HVL sin campus der, men vil også reise rundt for å besøke resten av HVL-campusane. I tillegg til HVL er ho også studentombod for Høgskulen i Volda.

– Viss du lurer på om saka di er noko eg kan hjelpe med eller ikkje, så ta kontakt. Litt av jobben min er også å sende folk vidare til andre instansar ved behov. Så send meg gjerne ein e-post, seier ho.

Varetar studentane sine rettar

Studentombodet har som oppgåve å sjå til at rettigheitene til studentane blir tatt vare på.

– Eg kan bidra i alle typar juridiske spørsmål knytt til studiesituasjonen, som til dømes tilrettelegging, trakassering, eller feil karakter. Som studentombod skal eg sjå heile saka under eitt og prøve å finne den juridisk riktige løysinga, seier Hillersøy.

Studentombodet understrekar at også tilsette kan ta kontakt ved behov.

– Dersom du ser ting som kan vere kritikkverdig, kan du kontakte meg. Eg har teieplikt og vil løyse sakene på lågast mogleg nivå. Ved behov kan eg også ta opp saker på eiga hand, fortel ho.

Variert og spanande jobb

Kvifor ville du bli studentombod?

– Eg synest det er veldig meiningsfullt, og eit privilegium å få jobbe med å ta vare på rettssikkerheita til bestemte grupper i samfunnet. Jobben som studentombod er også variert og spanande; du får både møte menneske, drive opplæring og saksbehandle etter lovverket, seier Hillersøy

Ho fortel at ho tidlegare har jobba som jurist, mellom anna i Lotteritilsynet og NAV.

– Eg har også pedagogisk utdanning, så før eg starta i jobben ved HVL har eg jobba som lærar, både i vidaregåande og i grunnskulen, seier ho.

Les meir om studentombodet på denne nettsida