Grete Netteland har fått opprykk til professor

Grete Netteland er instituttleiar på Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal og har en doktorgrad i informasjonsvitskap. No har ho fått opprykk til professor i IKT og læring.

Kva forskingsgruppe høyrer du til?

Paraplyen over forskinga mi er IKT og læring, men sidan dei vitskaplege arbeida mine er forankra i tre forskingsområde, har eg valt å vere med i ulike forskingsgrupper. Mellom anna deltek eg i både ei ekstern og ei intern gruppe når det gjeld det mest omfattande forskingsområdet mitt som er IKT og læring i utdanning og på arbeidsplassen. Den eine er knytt til Uni Research og heiter «Teknologi for praksis». Den andre, med namnet «Research in eTeaching and eLearning», er knytt til lærarutdanninga på campus Sogndal og har fokus på undervisning og læring med digitale medium.

Men den forskingsgruppa eg har vore lengst tilknytt, er forankra i eitt av gamle HiSF sine strategiske forskingsprogram for perioden 2014-17, nemleg «Samhandling, innovasjon og styring i offentleg sektor (SISOS)». Dette programmet er seinare blitt vidareført i det strategiske forskingsprogrammet «Innovasjon og kvalitet i offentleg tenesteyting og styring (IKO)», leia av Oddbjørn Bukve og Einar Hovlid.

Dei siste åra har eg også hatt ein viktig heim i ei forskargruppe som har jobba med prosjektet «Arbeidsinnvandring til Vestlandet. Arbeidsinnvandring som ressurs i regional utvikling», der eg har leia eit delprosjekt om arbeidsinnvandrarane sitt informasjonsbehov i møte med kommunar og fylkeskommunar. Her har samarbeidet gått på tvers av forskingsinstitutt og UH-institusjonar på Vestlandet.

Kva forskar du på?

Interessa mi for IKT og læring er forankra i informasjonsvitskapen, eit fagområde som er opptatt av å studere informasjons- og kommunikasjonsteknologi i interaksjon med individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Sjølv har eg i forskings-, undervisnings- og utviklingssamanheng jobba mykje med organisatorisk implementering av IKT, bruk av ikt-baserte informasjonssystem, IKT som kunnskapsressurs og medium for samhandling, kommunikasjon og/ eller læring.

Særleg har eg vore interessert i samspelet mellom menneske, teknologi og IKT-støtta aktivitetar, som IKT-støtta arbeids- og læringsprosessar, distribuert samhandling og kunnskapsbygging, og korleis denne type samspel kan vidareutviklast og bidra til utvikling og endring i teknologirike omgjevnader innanfor og på tvers av organisasjonar, offentlege så vel som private.

Korleis starta forskarkarrieren din?

Eg er ei av dei som ikkje har vore i akademia heile livet. Eg har undervist i vidaregåande skule; deretter jobba eg åtte år som IT-ansvarleg i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eg har altså veksla mellom administrative og faglege stillingar, både før eg byrja på Høgskulen i Sogn og Fjordane i 1994, og etterpå. I tolv år var eg knytt til bachelorstudiet i informasjonsbehandling. Då det vart nedlagt, vart eg ein del av staben på masterstudiet i organisasjon og leiing i Sogndal.

Frå 1998 til 2000 var eg så heldig at eg fekk delta i EU-prosjektet «Tactical Integration of Telematics Application across Intelligent Network (TITAN)» saman med Vestlandsforsking. Det må vel vere dette som er starten på forskarkarrieren min. Prosjektet hadde fire partnarar, Italia, Irland, Islands & Highlands og Norge, med Ivar Petter Grøtte på Vestlandsforsking som ansvarleg for den norske delen. Målet var å utvikle avanserte interaktive tenester mellom offentleg sektor, næringsliv og innbyggjarar i rurale strøk, som t.d. Sogn og Fjordane og Toscana. Det er faktisk morosamt å tenkje på – vi var tidleg ute.

Kan du trekke fram eit eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

No jobbar eg på NFR-/FINNUT-prosjektet iComPASS som er leia av Barbara Wasson på UiB. Dette er eit kompetanseprosjekt, der masterstudiet i organisasjon og leiing inngår som eitt av to prosjektscenario. Målet er at studentane gjennom bruk av læringsanalysar og visualisering av data på individ-, gruppe- og klassenivå skal bli betre til å lese akademiske tekstar, og at lærarane skal kunne gi betre og meir målretta undervisning i akademisk lesing. Vidare har vi i prosjektet samarbeidd med leiarar i helse- og omsorgssektoren for å identifisere nye kompetansar som kan vere aktuelle å inkludere i masterstudiet vårt. I prosjektet samarbeider vi med tre internasjonale forskingsmiljø, University of Maastricht Merit, Technische Universitãt i Graz og University of Birmingham.

Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

No skjer det mykje rundt Big Data. Eg kunne svært gjerne tenkt meg å jobba meir med registerdata, men då må eg nok bli flinkare i SPSS og nyare analyseverktøy og programmeringsspråk enn det eg er no.

Vi gratulerer med opprykket!