Hans Jacob Roald har fått opprykk til dosent

Hans Jacob Roald er tilsett på Institutt for byggfag, der han har jobba med å utarbeide det nye masterprogrammet i areal og eigedom. No har han blitt dosent!

Kva forskar du på?

- Min bakgrunn er ikkje frå akademia, eg har jobba som byplanleggar i mange år, både nasjonalt og internasjonalt. Eg har forska på byplanhistorie, i spenningsfeltet mellom byutvikling og bevaring. Eg har mellom anna skrive boka «Byplanen, en historie om utviklingen av Bergen by» og har leia det det tverrstatlege UNESCO-prosjektet «Sustainable Historic Citites – a Baltic-Nordic Approach», som undersøkte overlappande felt mellom anbefalingane til Brundtlandkommisjonen og Kommisjonen for verdens natur- og kulturarv, sett i eit byperspektiv. Eg har tidlegare leia byplanarbeid, som Kommunedelplan byutvikling og bevaring for Oslo kommune, Ny by på Straume for Fjell kommune, Verne- og byformingsplan og Havneplan for Bergen kommune.

Korleis starta HVL-karrieren din?

- Eg kom til Høgskulen på Vestlandet på grunn av eit ønske frå offentleg forvaltning om å styrke høgare utdanning innan areal- og tettstadsutvikling. Mange etterlyste meir grunnleggande byplankompetanse som ein del av utdanningsløpet. Eg blei leigd ut frå Bergen kommune for å bidra til etableringa av eit nytt masterprogram i areal og eigedom ved institutt for byggfag. No er masterprogrammet på plass, og det inneheld ein ganske unik a la carte-meny av byplanlegging i full breidde. Eg har gått over til å undervise på HVL på heiltid, og derfor søkte eg stillinga som dosent.

Kan du trekke fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med?

- Dei siste åra eg jobba i Bergen kommune leia eg prosjekta «Strategi for fortetting innenfor Bergens sentrale deler – en utvikling av en metode og «Fra plan til realisering, en undersøkelse av nødvendige og tilstrekkelige verkemidlar til å kunne gjennomføre byfortetting på en effektiv og god måte». Høgskulen på Vestlandet har levert bidrag til prosjektet «Strategi for fortetting». Begge prosjekta er finansierte av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Når prosjekta er ferdigstilte, er målet å publisere dei delane av arbeida som er av vitskapeleg interesse.

Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

- Eg ville ha etablert nye undervisningslokale, eit by-laboratorium der studentane kunne ha eit fast og røff plass for øvingsoppgåver med modellar, skrivarar, store veggar for store kart, og som var høgt under taket, eigna for møte, dristige tankar og heftige diskusjonar.

Vi gratulerer med opprykket!