Har du innspel til universitetsnamn?

No kan tilsette, studentar og einingar ved høgskulen melde inn forslag til universitetsnamn. Du kan også delta på allmøte om det nye universitetet på HVL-campusane.

Høgskulen på Vestlandet har mål om å sende inn søknad om universitetsakkreditering til NOKUT i 2023. Det er ønskeleg at det nye universitetsnamnet er med i universitetssøknaden.

– Det er viktig at namnet på det nye universitetet er godt forankra internt i organisasjonen, men også i omgjevnadane våre. Vi ønsker difor ein open og inkluderande prosess, der folk kan kome med namneinnspel, seier Ole-Gunnar Søgnen. Han er leiar for arbeidsgruppa som skal ha ansvar for prosessen med å kome fram til eit universitetsnamn.

Kriterium og omsyn

– Det er mange omsyn som spelar inn ved val av namn. Dette kan til dømes vere om namnet er enkelt og forståeleg, har eit godt og riktig språk og ei god forkorting. Andre omsyn kan vere at namnet markerer nynorskinstitusjonen vår, seier Søgnen.

Arbeidsgruppa har utarbeida eit notat med kriterium og omsyn for namneval, som du kan lese her.

Allmøte på campusane

I oktober er det allmøte på alle HVL-campusane, der temaet er universitetsnamn og status for universitetsprosjektet. Datoane for møta som gjenstår er:

allmøte_redigert.jpg

Bilete frå allmøtet på campus Sogndal 20. oktober (foto: Gro Anita Fonnes Flaten).