Har kartlagt bruken av norsk og engelsk ved HVL

For første gong har den parallelle bruken av norsk og engelsk fagspråk blitt kartlagt ved HVL. Ei arbeidsgruppe har no lagt fram ein rapport der språkbruken i undervisning, pensumlitteratur og formidling ved dei fire ulike fakulteta har blitt gjennomgått.

Høgare utdanning og forsking vert i aukande grad internasjonalisert. Samstundes har UH-sektoren eit lovpålagt ansvar for å utvikle og vedlikehalde det norske fagspråket. I tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet blir alle universitet og høgskular bedt om å følge utviklinga for norsk som fagspråk, og vurdere behovet for å sette inn tiltak.

– Denne rapporten gir eit nødvendig oversiktsbilete over forholdet mellom bruken av norsk og engelsk ved HVL i dag. Dette gir oss eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med fagspråket, seier rektor Berit Rokne. 

Felles prinsipp

Rapporten har blitt lagt fram for Språkpolitisk utval og Strategisk leiargruppe, og skal no presenterast for fakulteta og Studenttinget. I etterkant av dette ønsker ein å utarbeide nokre felles prinsipp for parallellspråk ved HVL.

– Rapporten viser at det er variasjonar på både fakultets- og instituttnivå når det gjeld bruken av norsk og engelsk i undervisning, pensum og formidling. Det er sjølvsagt også mange ulike årsaker og forklaringar til at situasjonen er slik den er. Då er det naturleg at fakulteta sjølve gjer sine vurderingar, seier Rokne.

Etter at fakulteta har kome med sine innspel, vil ein på nyåret ta saka tilbake til SLG.

Store variasjonar

Tidlegare i år oppnemnde Språkpolitisk utval arbeidsgruppa som no har kartlagt parallellspråkbruken ved høgskulen.

Medlemmane i arbeidsgruppa er Kåre Johan Mjør (Biblioteket), Bente Sønsthagen (Avdeling for utdanningskvalitet), Siren Erichsen (Avdeling for HR), Tiril Elise Strand Johnsen (Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon) og Marie Charlotte M. Kettunen (Studenttinget på Vestlandet). Elin Espe Stensvand (Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt), som er sekretær for Språkpolitisk utval, har ført rapporten i pennen.

– Ut i frå talmaterialet som er lagt fram i rapporten, er det tydeleg at HVL på noverande tidspunkt har ei klar overvekt av norsk som undervisningsspråk og språk i pensumlitteratur. Publiseringa ved HVL går derimot stort sett for seg på engelsk. Det er likevel store interne variasjonar, seier Liv Reidun Grimstvedt, som er prorektor for samhandling og leiar for Språkpolitisk utval ved HVL.

Ho understrekar at rapporten ikkje er ein fullstendig gjennomgang av språkbruken ved HVL, men at den gir eit overordna bilete av situasjonen på noverande tidspunkt.

– Det er naturleg at vi gjer slike kartleggingar jamleg framover, slik at vi kan sjå på den vidare utviklinga. Då vil det også være mogleg å belyse andre sider ved språkbruken enn det som er gjort i denne rapporten, seier Grimstvedt.

Ei bevisst haldning

Prinsippet om parallellspråk går ut på å satse både på bruken av nasjonalspråket og engelsk i akademisk samanheng. Det er denne strategien som er den rådande tilnærminga i Noreg og Norden. Høgskulestyret ved HVL vedtok i 2018 eit sett med ambisiøse språkpolitiske retningslinjer for høgskulen, der parallellspråk står sentralt. Med bakgrunn i desse retningslinjene blei det også oppretta eit språkpolitisk utval ved HVL, som skal sjå til at retningslinjene blir følgt opp og sett i verk.

– For å sikre norsk som eit fullferdig arbeidsspråk i sektoren, og ved HVL, er vi avhengige av å ha ei bevisst haldning til parallellspråkbruken. Når vi no har eit talmateriale, blir det lettare å ha ei strategisk tilnærming til språkarbeidet, seier Grimstvedt.