Hege skal representere HVL i Forsker Grand Prix

Hege Hansen er stipendiat i psykisk helsearbeid ved Institutt for velferd og deltaking. 26. september 2018 skal ho konkurrere om å bli den beste forskingsformidlaren.

I doktorgradsprosjektet sitt studerer Hege Hansen unge vaksne sine erfaringar med lågterskeltilbod for psykose og relaterte betringsprosessar. Men kva er eigentleg psykose?

- Psykose er rekna som ein alvorleg forvirringstilstand, der ein kan oppleve ting som ikkje er verkelege. Det er vanleg å få dei første symptoma på psykose i ungdomsåra, seier Hansen.

Viktig med tidleg behandling

Mange av dei som blir råka av psykose kjem seint til behandling. Samstundes viser forsking at utsiktene for betring er større dersom behandlinga begynner tidleg.

- Dei siste tiåra har det vist seg at lågterskeltilbod for psykose har gitt gode resultat. Eg har undersøkt korleis unge opplever å møte eit slikt tilbod, seier stipendiaten.

Brukarane veit best

Som ein del av doktorgradsarbeidet sitt har ho intervjua unge vaksne mellom 16 og 32 år. Felles for dei alle er at dei har vore i kontakt med TOPS (Tidleg oppdaging av psykose), som er Helse Bergen sitt lågterskeltilbod for alle som er bekymra for at dei sjølve, eller andre, held på å utvikle psykose.

- Forskinga på området har typisk tatt utgangspunkt i fagfolka sitt perspektiv. Men det er jo dei med erfaring frå denne typen tilbod som veit best kva som fungerer for dei, så vi treng å høyre stemmene deira også, seier Hansen.

Fire viktige minutt

I Forsker Grand Prix har kandidatane fire minutt på seg til å overtyde publikum og dommarar om at dei fortener å gå vidare til finalen. I førebuinga til arrangementet har kandidatane fått rettleiing frå både kommunikasjonsrådgivarar og ein teatercoach.

- Formidling er i utgangspunktet ikkje mi sterkaste side. Eg er nok betre på skriving og utforsking, så dette har vore utruleg lærerikt og kjekt, smiler Hansen.

26. september skal ho og ni andre stipendiatar presentere prosjekta sine i Mimes Brønn. Du kan lese meir om arrangementet på Forskningsdagene i Bergen sine nettsider.

 

Fakta om Forsker Grand Prix:

  • Forsker Grand Prix er ein formidlingskonkurranse der ti forskarar får fire minuttar kvar til å engasjere publikum og dommarar.
  • Forsker Grand Prix vert arrangert i Bergen 26. september i Mimes Brønn på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Dørene opnar kl. 18.00. Showet startar kl. 19.00.
  • Dei to beste forskarane går vidare til den nasjonale finalen, som blir arrangert i Tromsø, 29. september. Les meir på Forskningsdagane sine sider.