Ein ingeniør for si tid
Året er 2025. Det er studiestart ved Høgskulen på Vestlandet. På HVL i Bergen myldrar det nye og smånervøse studentar – spente på å fatt på eit nytt kapittel i livet.
Rundt 600 nye ingeniørstudentar startar på HVL i år.
I 1875 var talet 26.
Veksten i studenttalet fortel om ein institusjon som vore gjennom enorme endringar, drivne fram av store omveltingar i samfunnet: Demografiske endringar, industrialisering, sentralisering, digitalisering og det grøne skiftet. Midt oppi alt dette har ingeniøren smurt tannhjulet. Konstruert bruer, jernbaner og vegar. Sørga for at straumen kjem fram til huset ditt. Fått ting til å virke. Gjort kvardagslivet enklare.

Ein ny ingeniørstudent.

Eit nytt kapittel.

Ei ny historie som flettar seg inn ei større.

Blant årets nye studentar finn vi 20 år gamle Nynke Hoekstra.

Denne hausten starta ho på ingeniørstudiet i energiteknologi i Bergen.

Når vi møter ho på campus er ho akkurat ferdig med ei førelesing.
– Eg likar når det er to strekar under svaret! Akkurat no har vi mellom anna undervising i fysikk. At eg kan trekke parallellar til korleis ting fungerer i den verkelege verda, er noko av det eg likar aller best med dette studiet, seier ho.
Nynke har både ein far som er utdanna ingeniør, og ein kjærast som går tredje året på ingeniørutdanninga ved HVL. Til slutt blei det ingeniørutdanning på Nynke også. På vidaregåande tok ho realfaga, men ho var skulelei då ho var ferdig. Ho prøvde seg på økonomistudier, men hoppa av. Så tok ho opp at matten frå vidaregåande, og oppdaga at dette var ein veg ho ville gå vidare på.
Og det virkar ikkje som ho angrar studievalet, sjølv om ho synest livet som student er ein stor kontrast til vidaregåande:
– På vidaregåande fekk vi lekser som det var venta at vi leverte kvar veke. Her må vi styre kvardagen meir sjølve. Å gå på førelesing saman med 180 andre studentar er også litt meir upersonleg, men samtidig likar eg friheita med å vere student, smiler ho.
Ein by i rivande utvikling
Kontrasten er stor til dei første elevane som starta på Bergen Tekniske Skole (BTS) i 1875.
Før dei kunne starte, måtte dei gjennom ein opptaksprøve.
Opptaksprøven skulle avklare om dei tilfredsstilte følgjande krav:

"Fylte femten år, god håndskrift, sikkerhet i rettskriving, kjennskap til morsmålets grammatikk, noen øvelse i å oversette fra tysk og engelsk, kunnskap om regning med alminnelig brøk og desimalbrøk og de fire regnskapsarter i bokstavregning samt begynnelsesgrunnene i geometri og aritmetikk".
(Foto: Elevar på mekanisk verkstad ved BTS. Tatt mellom 1900 – 1905. Universitetsbiblioteket i Bergen).
I 1870-åra var Bergen inne i ei rivande utvikling. Gründerar hadde etablert dei første industribedriftene innan maskin og tekstil rundt den gamle bykjernen. Byen hadde fått vassverk og gassverk, bankar og forsikringsselskap. Eit veksande behov for arbeidskraft fekk folketalet i byen til å stige kraftig.
Det aukande behovet for teknisk kompetanse gjorde at Stortinget i 1872 gav støtte til oppretting av tekniske elementærskular i Bergen og Christiania. Skulen i Christiania kom i gang allereie i 1873. Men i Bergen tok det litt lenger tid. Bakgrunnen var, typisk nok, strid om kor skulen skulle ligge. Men i 1875 kunne borgermester Christian Platou endeleg legge ned grunnsteinen til Bergen Tekniske Skole i Strømgaten i Bergen. Strida om tomtespørsmålet, gjorde at dei første elevane måtte vere i midlertidige lokale.
Perioden fram til 1911 var framgangsrik. Skulen virka i ein by som var i kraftig utvikling. Stikkord for byutviklinga desse tiåra var skipsbygging, jernbaner og dampskip, murkvartal, sporvegar og elektrisitet. Midt i denne utviklinga sto studentar og lærarar ved skulen. I 1901 fekk skulen også oppretta ei linje for bygningsfysikk, som saman med kjemi- og maskinlinja utgjorde det faglege fundamentet for skulen.
Frå Bergen spreidde elevane seg utover heile landet og verda. I periodar var det mange som utvandra til USA der moglegheitene for teknikarar og ingeniørar var gode. Men dei fleste gjekk inn i stillingar i heimlandet, og var på mange måtar med på å bygge opp det moderne industrielle Norge.
Ein ny skulekvardag
I 1911 vedtok Stortinget etablering av ein vitskapleg teknisk høgskule i Trondheim. Dette fekk også ringverknader for dei tekniske skulane, som samtidig blei nedskalert frå tre til toårige utdanningar. Det blei bestemt at landet skulle ha ein skule for ingeniørar i Trondheim (NTNU). Dei andre skulane skulle utdanne teknikarar, og fekk tittelen «Mellemtekniske skoler». Først i 1936 fekk dei lov til å kalle seg tekniske skular igjen.
Under 2. verdskrig blei skulekvardagen ein heilt annan enn tidlegare. Framtidsdraumar blei knuste. Fleire lærar og elevar var med i motstandskampen, og fleire måtte også bøte med livet.

Minnet om desse heng synleg på høgskulen sin campus i Bergen den dag i dag.
Under 2. verdskrig blei skulen også meir trongbudd. Det kom av at okkupasjonsmakta hadde tatt bygningen til Handelsgymnaset, og Bergen Tekniske Skole tok på seg å både huse denne skulen og fleire andre verksemder som blei huslause. Men trass i overvaking og ressursmangel, hadde likevel skulen ganske god søking og mange elevar under krigen.
Utdanningseksplosjonen
Når freden kom, skulle landet byggast opp igjen. Det blei klart for myndigheitene at kapasiteten ved dei tekniske skulane måtte aukast. På det faglege området skjedde det fleire nyskapingar, og etter kvart kom fleire nye linjer til. Samarbeidet med andre institusjonar og næringslivet vart styrka.
I 1962 gjekk BTS over igjen til å bli ei treårig utdanning. Men kapasiteten i skulebygget i Strømgaten var sprengt. Samtidig auka kompetansen og krava.
Utdanningseksplosjonen i 1960-åra førte til eit stort press på all høgare utdanning. Årskulla vaks, og den allmenne kompetansen i samfunnet auka. Stadig fleire tok vidaregåande skule.
Eit resultat av dette blei at fleire og fleire med eksamen artium søkte opptak ved dei tekniske skulane. Tidlegare hadde desse gått på NTNU i Trondheim, medan dei tekniske skulane bygde på middelskulen og praksis frå arbeidslivet.
Gjennom heile denne prosessen auka teknikarane sin status i samfunnet, og det herska ikkje lenger tvil om at elevane frå dei tekniske skulane hadde rett til å kalle seg ingeniørar.
Nytt bygg – nye tider
I 1963 flytta Bergen Tekniske Skole endeleg inn i eit nytt bygg i Lars Hilles gate. No kunne skulen forsette å ekspandere.
Samtidig sto skulen framfor ei ny tid. Endringar i det vidaregåande skuleverket, hadde ført til auka press på institusjonane som gav høgare utdanning. Den såkalla Ottosenkomiteen tok føre seg heile spekteret av utdanning utover vidaregåande skule. Det kom til å legge grunn for fleire reformar.
I 60-åra hadde ingeniørskulane eller dei tekniske skulane funne sin plass i eit slags mellomsjikt. No skulle ingeniørskulane finne sin plass i eit høgare utdanningssystem. Først kom opprettinga av distriktshøgskulane, deretter blei både lærarskulane og ingeniørskulane og etterkvart helsefagskulane oppgradert til høgskular.
Mellom 1970 og 1990 fekk landet nær 200 nye høgskular.

Dette kullet gjekk ut frå kjemilinja ved Bergen Tekniske Skole i 1975.

Dei har halde kontakten heilt sidan studietida.
Gro Maria Olderøy er ei av dei tidlegare studentane i kullet. Ho fortel om ein studiekvardag som var litt annleis enn i dag.
– Vi gjekk på skule seks dagar i veka. Vi var nok eitt av dei siste kulla som gjorde det. Vi fikk standpunktkarakterar i alle fag, i tillegg til eksamenskarakterene, og hadde obligatorisk oppmøte til timane.
Siste året var det prøvar kvar lørdag.
– For å få standpunktkarakterer måtte vi vere til stades på alle prøvane. Var nokon sjuke, blei det ny prøve måndagen etter, fortel ho.
Tre gonger i veka var det laboratoriearbeid. Søndagen blei stort sett brukt til å føre laboratoriejournalar som også skulle godkjennast og karaktersettast.
–Vi hadde ikkje kalkulatorar, men brukte tabellar og ein svært avansert reknestav. Det var rekning side opp og side ned på papir, legg ho til.
Ho innrømmer at det føltes jo litt urettferdig at alle studentvennane på universitetet begynte helga fredag kveld, medan ho brukte fredagen til å lese til prøver. Men sjølv om det var travle år, ville ho ikkje vore dei forutan.
– Vi var ein av få klassar som hadde nesten like mange jenter som gutar, noko som i mine auge var eit stort pluss for klassemiljøet. Første året brukte vi alle pausar til å spele bordtennis i kjellaren. Det var veldig sosialt og lett å bli kjent med med medelevar, smiler ho.
Gro Maria jobba heile si yrkeskarriere på Haukeland Universitetssjukehus. Etter studietida blei kullet spredt rundt omkring i landet, men dei har halde kontakten. No planlegg gjengen ein ny klassefest i 2027.
Reformar og fusjonar
To år etter at Gro Maria gjekk ut frå kjemilinja, overtok staten eigarskapet til skulen og Bergen ingeniørhøgskole blei eit faktum.
Store endringar skjedde også i samfunnet rundt den nye høgskulen. Tradisjonsrike industribedrifter blei lagt ned og næringslivet var i endring. Oppdrettsnæringa vaks fram, offentleg sektor ekspanderte og olje- og gassfunna i Nordsjøen fekk store ringverknader for heile regionen, ikkje minst for høgskulen. Ingeniørkompetansen kom til å spele ei nøkkelrolle i det nye næringslivet og nyutdanna ingeniørar blei svært ettertrakta. Levestandarden auka og ein ny rikdom vaks fram.
Ottosenkomiteen meinte eigentleg at dei nye høgskulane skulle samlast i regionale senter, men denne ideen blei ikkje realisert. Tanken blei i staden bygd vidare på av Hernes-utvalet, som la grunnen for høgskulereformen i 1994. Hernes-utvalet sitt arbeid resulterte i at talet på statlege høgskular vart redusert frå 100 til 26.
Høgskolen i Bergen blei etablert som ein av landets største i 1994. Frå no av blei ingeniørane utdanna på same institusjon som lærarar, sjukepleiarar, sosionomar og rekkje andre profesjonar. Men samlokalisert blei dei ikkje før 20 år seinare.

I 2014 sto det nye høgskulebygget ferdig på Kronstad.

Knappe tre år seinare sto høgskulen overfor ein ny fusjon.
Høgskolen i Bergen skulle slåast saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord-Haugesund og fekk namnet Høgskulen på Vestlandet. Ingeniørutdanninga femna no frå Haugesund i sør til Førde i nord.
Godt over 62 000 kvadratmeter med auditorium, klasserom, grupperom, laboratorium, bibliotek, lesesalar, kantine, cafear, kontor og korridorar.
Det er ikkje rart at ein fersk student kan bli litt svimmel.
Ingeniørstudent Nynke Hoekstra har starta på eit nytt kapittel i livet. Ho er del av ei historie som ikkje er ferdig skriven. Den ferske studenten er som studentar flest: Når vi spør om framtidsdraumane, synest ho det er utfordrande å gi eit konkret svar, men etter å ha tenkt seg litt om kjem det:
– Som ingeniør er det så mange vegar eg kan gå. Men om nokre år håpar eg kanskje at eg er prosjektleiar. Eg drøymer om å kunne møte folk frå ulike kantar av verda og guide folk i rett retning.
– Men det aller kulaste hadde vore om eg kunne vore med i eit prosjekt som klarte å løyse energikrisa! skyt ho inn.
– Å kunne gi energi til u-land. Å forsyne verda med energi på nye måtar, gjennom sol, vind eller vatn...
Vi kan ikkje anna enn håpe at Nynke blir ei som gjer ein skilnad. At ho formar ei grønare framtida og dermed blir:
Ein ingeniør for si tid.
Kjelder:
Ertesvåg, Egil, Haugan, Peter (2000): I støpeskjeen, Ingeniørutdanning i Bergen 1975 - 2000. Høgskolen i Bergen.
Foto frå maskinrommet ved BTS: Atelier KK, Universitetsbiblioteket i Bergen. Maskinrommet ved Bergen Tekniske Skole. (1927-37).
Foto frå laboratorium, BTS: Atelier KK, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Foto frå Myrdal stasjon, Bergensbanen: K. Knudsen & co, Universitetsbiblioteket i Bergen.






