Høyringsinnspel frå økonomi og samfunnsvitskap

Her kan du sjå alle innspel til instituttstruktur i det nye Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap sendte tre forslag til modellar på høyring i organisasjonen, og fristen for å gi innspel gjekk ut 30. august. 

Høyringsinstansen har i perioden samla innspel frå dei tilsette, medlemmar og kollegaer. Det er i tillegg gjennomført høyringsmøte på alle campus, der fagtilsette, tillitsvalde og studentar har vore invitert.

Sjå høyringsinnspel: Forslag til struktur ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS).

Kva skjer vidare?

Alle dei fire fakulteta har no gjennomført høyringar om korleis dei skal organiserast på nivå 3. På styremøtet 28. september skal saka til vedtak.

Dekanane har både arbeidd kvar for seg med dei noverande dekanane, og dei fire nye dekanane arbeider no med å førebu seg eit felles leiarmøte i Haugesund 6. og 7. september. 

På møtet skal dei mellom anna sjå strukturen i samanheng inn mot styresaka. Det blir også lagt opp til at dekanane skal utfordre kvarandre på dei modellane dei går inn for, og at dei til sjuande og sist skal kunne forsvare også det valet dei andre fakulteta gjer.

Sjå oversikt over alle høyringar og høyringsinnspel.