HVL-forskarar på publiseringstoppen

På topp 10-lista over forskarar som publiserte mest i 2021 finn vi to forskarar frå HVL: Jerry Chun-Wei Lin og Dhayalan Velauthapillai.

Dette kjem fram i Indikatorrapporten, som er ein årleg rapport om det norske forskings- og innovasjonssystemet. 

Nest øvst på lista over dei mest produktive forskarane målt i publiseringpoeng, finn vi professor Jerry Chun-Wei Lin. Han er på lista for andre år på rad, og klatrar opp frå sjuande plass frå førre gang. Jerry Chun-Wei Lin forskar på kunstig intelligens og dataanalyse og jobbar ved Institutt for datateknologi, elektroteknolgi og realfag ved HVL.

Takkar for viktig støtte

- Eg jobbar mykje, og utan ein støttande familie hadde det nok ikkje gått. Instituttet eg jobbar ved er også fleksibelt slik at eg får tid til å forske. God kontakt med internasjonale forskarar har også mykje å seie. I tillegg vil eg rette ei stor takk til ph.d.-studentane som eg retteleier, seier Jerry Chun-Wei Lin. 

Som nummer 7 på lista finn vi ein annan HVL-forskar: Dhayalan Velauthapillai 

Han er tilsett ved same institutt som Jerry Chun-Wei Lin og forskar på nanomaterialar for nye typar solceller, hydrogenproduksjon og energilagringsteknologi. Dhayalan peikar på det internasjonale samarbeidet som ei viktig årsak til den høge publiseringsaktiviteten: 

- Eg har eit bredt internasjonalt samarbeid og rettleiar mange ph.d.-studentar som kjem hit til Norge for å jobbe med forskningsprosjekta sine. Alt dette hjelp på publiseringstala. 

Dhayalan takkar også leiinga ved HVL for viktig støtte: 

- Eg må takke heile leiinga, både ved instituttet, ved fakultetet og i toppleiinga som har støtta meg heile tida. Det gir meg motivasjon i arbeidet, kommenterer han. 

Vi gratulerer!

Sjå heile lista på Forskerforum.no