HVL-forskarar tildelt 4, 4 millionar for å forske på pandemitiltak

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet er tildelt 4,4 millionar kroner frå Forskingsrådet for å forske på korleis krisekommunikasjon og tiltak frå styresmaktene verkar på befolkinga under ein pandemi.

Nå skal fire sentrale land undersøkast om korleis tiltaka fungerte under koronapandemien. Både Kina, Italia, USA og Norge skal undersøkast i studien.

Professor Chunyan Xie skal leie forskingsprosjektet saman med HVL-forskarane Ove Oklevik og Helene Maristuen. Forskinga skjer i samarbeid med internasjonale forskarar frå University of Michigan (USA), University of Milano-Bicocca (Italia), og Hunan University (Kina).

HVL-prosjektet er eit av 30 prosjekt som får finansiering, av totalt 78 fagmiljø som leverte inn søknader, og føyer seg inn i rekka av tildelingar høgskulen har fått den siste tida frå Forskingsrådet. Til saman 130 millionar kroner vart hasteutlyst til forsking på spørsmål som er relevante for å handtere koronavirusutbrotet.

Skal undersøke reaksjonsmønster i befolkinga 

Prosjektet handlar om krisekommunikasjon og tiltak under pandemiar, som til dømes Koronautbrotet.

Forskarane skal undersøke reaksjonsmønster i befolkinga ut frå tiltak frå tre samfunnsaktørar: styresmaktene, bedrifter og individ. Målet er å avdekke i kva grad kommunikasjon og tiltak kan framkalle eller redusere emosjonelle reaksjonar i befolkinga som til dømes angst og frykt.

Forskarane vil også finne ut korleis kommunikasjonen og tiltaka kan framkalle andre negative reaksjonar, som klaging, spreiing av misforståingar, og det å nekte å følgje anbefalingar frå styresmaktene. Også positive reaksjonar, som støtte for sårbare grupper og tiltru til styresmaktene skal undersøkast.

Skal samanlikne tiltak på tvers av land

Korleis skal de jobbe i prosjektet?

- Vi skal køyre eit felteksperiment i fire land, der kommunikasjon og tiltak vert systematisk variert. Slik at vi kan samanlikna tiltak og krisekommunikasjon på tvers av land. I tillegg vert det nokre spørjeundersøkingar som berre kjem til å gå i Norge, fortel professor og forskingsleiar Chunyan Xie.

Viktig kunnskap ved eit framtidig pandemiutbrot

Kvifor er det viktig å forske på kommunikasjonen under koronapandemien?

- Det er viktig for å forstå konsekvensane av ulik kommunikasjon og tiltak frå styresmaktene og andre samfunnsaktørar på befolkninga. Slik at ein kan iverksetje dei tiltaka og den kommunikasjonen som verkar best ved eit eventuelt framtidig pandemiutbrot.

- Det er viktig å kome i gong no, medan vi framleis er i ei delvis nedstengd verd. Om to år vil vi ikkje kunne få svara på desse spørsmåla, for då er Korona- utbrotet historie, avsluttar professoren.

Forskingsprosjektet startar opp 1. juli.