Fekk nye 24 millionar kroner til forsking

For tredje gang på kort tid har HVL fått tildelingar frå Forskingsrådet. Samla sett har høgskulen no fått tildelt 127 millionar kroner til spennande forskingsprosjekt.

Dei nye midlane er fordelt på to prosjekt, begge ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. Det eine prosjektet er Education for plurilingualism: Metalinguistic awareness in early instructed language learning (MetaLearn), mens det andre er Multilectal Literacy in Education (MultiLit). Begge desse prosjekta fekk 12 millionar i støtte i ein ekstra tildelingsrunde frå Forskningsrådet i midten av januar.

Lærer vi av språk som liknar?

MultiLit-prosjektet skal undersøke om - og i så fall korleis - det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidrar til læring, både språklæring og læring meir allment. Prosjektet tar utgangspunkt i den norske språksituasjonen, der mange elevar utviklar høg kompetanse i begge dei norske skriftspråka og der også svært mange jamleg skriv dialektnært i private samanhengar. Vidare skal den norske situasjonen sammenliknast med situasjonen for frisisk i den nederlandske provinsen Frisland. 

Korleis kartleggje betydninga av metaspråklig medvit?

Forsking innan framandspråklæring og utdanning for fleirspråklegheit tydar på at metaspråkleg medvit kan spele ei viktig rolle. Trass i dette veit vi forholdsvis lite om metaspråkleg medvit og spesielt om korleis den utviklar seg i instruert språklæring, i Norge og internasjonalt. Det overordna målet til MetaLearn er å utvikle eit kartleggjingsinstrument som kan brukast i Norge, å kartleggje, for dei tidlege stadia av formell utdanning, korleis metaspråkleg medvit utviklar seg i samanheng med kontekstuelle, individuelle og lingvistiske faktorar, og å undersøke om og korleis det metaspråklege medvitet til elevane kan fremjast i klasserommet.

Stor auke i tildelinger frå Forskningsrådet

I løpet av 2019 fekk HVL midlar til ti store forskingsprosjekt frå NFR, på til saman 103 millionar. Det er ei stor auke samanlikna med 2018, då høgskulen totalt sett fekk 46 millionar kroner.

Blant prosjekta som fekk støtte rett før jul, var forskingsprosjekt på blokkering av røyr, folkefinansiering av kultur, strålebehandling og forsking på bruken av sakkyndigrapportar i barnevernet.