HVL gir tydelege innspel til den nye langtidsplanen

Den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning må fange opp at universitets- og høgskulelandskapet har endra seg stort dei siste åra. Det er eit av hovudpoenga i høyringsinnspelet frå HVL-styret.

Haustens første styremøte hadde ei kort saksliste. Hovudsaka var høyringsinnspelet til den nye reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning  som Kunnskapsdepartementet no meislar ut. Planen vil gjelde for perioden 2023-2032. I korte trekk handlar langtidplanen om kva slags rammer og prioriteringar UH-sektoren skal sikte mot og operere innanfor i åra som kjem. Planen har ein 10-års horisont med stopp kvart fjerde år for å fange opp nye utviklingstrekk og endringar i samfunnet.

Godt kopla på

Styret var offensive i handsaminga av langstidplanen og høyringa.

- Vi ser at Høgskulen på Vestlandet på mange område er godt kopla på og vil bidra godt til å løyse samfunnsutfordringane som langtidsplanen teiknar opp.

- Mykje av dette stemmer fint overeins med høgskulen sin eigen strategiske plan.

- Klima, berekraft, omstilling, helse, oppvekst, teknologi, demografi, innovasjon og digitalisering er store og viktige tema som HVL aktivt tar inn i både utdanning og forsking, seier styreleiar Arvid Hallén i HVL.
 
- Og med vår plassering langs heile Vestlandet er vi tett på. Det å løyse utfordringar saman med arbeidslivet og svare godt på behova er noko vi er gode på.

Reisverket i det nye universitetet

- Slik sett er fleircampusstrukturen vår eit viktig verkemiddel og eit godt svar på korleis vi som høgare utdannings- og forskingsinstitusjon kan styrkja måloppnåinga i langstidplanen.

- Våre fem campus er sjølve reisverket i det nye universitetet vi no byggjer. Her ligg mykje av krafta i samfunnsmandatet vår.

- Så ser styret at det ligg nokre konkrete hindringar i dagens kunnskapssystem som kan bremse oss i å nå måla i langstidsplanen.

Ulike rammevilkår

Det viktigaste her er dagens finansieringssystem. Dagens rammevilkår gir universitet og høgskular ulike føresetnader, peika styret på

- Dagens finansieringssystem er ikkje tilpassa det nye universitets- og høgskulelandskapet, og fangar i liten grad opp dei nye fleircampusinstitusjonane sine kjenneteikn.

- HVL er som kjend praksisnær i utdanning og forsking. Vi styrkar den regionale kompetanseutviklinga langs Vestlandet, men vi siktar også nasjonalt og internasjonalt.

- Våre utdanningar er arbeidslivnære og utviklast i takt med den praksis- og profesjonsnære forskinga.

- Morgondagens finansieringssystemet må difor i større grad tilpassast dei ulike universiteta og høgskulane sin rolle, funksjon og ambisjonar.

Styret peikte også på paradokset om at alle universitet og høgskular vert målt etter dei same kriteria, sjølv om ein har ulik profil, føresetnader og rammevilkår. Eit eksempel som fleire i styret trakk fram er innovasjonsomgrepet som for HVL famnar breiare enn berre kommersialisering og patenter.

- I vår høgskule handlar dette like mykje om tenesteutvikling i offentleg sektor og sosiale innovasjonar, til dømes nye og samfunnsnyttige løysingar på ei rekke ulike område, seier rektor Gunnar Yttri.

Studentane Marie Charlotte Moilanen Kettunen og Alexander Papas er nye studentrepresentantar i høgskulestyret. Dei bidrog godt i diskusjonane.

Norsk fagspråk må styrkast

Eit anna moment som styret trakk fram var det digitale hamskifte som pandemien har gitt.

- Koronapandemien har gitt oss utfordringar, men og opna nye moglegheiter for læring og kunnskapsdeling. Det er ei utvikling vi tar med oss i alt vi driv med, seier Yttri.

Styret peika og på norsk fagspråk

- Eit godt og levande norsk fagspråk som tek godt i vare begge målformer er naudsynt. Vi treng nye insentivordningar som støttar opp under og gir kraft til akkurat dette.

Av andre saker som styret hadde til orientering var saker om opptakstall, investeringsplanar, studiestart, koronapandemi og ei spennande, brei og framsynt orientering om ingeniørutdanningane.

- Fleire av desse sakene vil styret få igjen seinare i haust, fortel Yttri.