HVL-kandidatar er fornøgde med jobbane sine

Studentar frå Høgskulen på Vestlandet får relevant arbeid etter studia. Det slår den store Kandidatundersøkinga 2018 fast. Den viser også at lokale campusar motverkar hjerneflukta frå distrikta.

88 prosent av kandidatane frå HVL seier dei har fått seg relevant arbeid innan to år etter at dei blei ferdige med studia.

Mot betre tider for ingeniørane

- Her er det sjølvsagt variasjonar mellom faga. Dei som har tatt utdanning innan helsefaga eller til læraryrka er mest fornøgde med arbeidssituasjonen sin. Men det er gledeleg å sjå at det går mot lysare tider også for ingeniørstudentane. Blant dei er det no fleire som finn seg relevant arbeid enn det samme undersøkinga viste for tre år sidan, seier Bjørg Kristin Selvik, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

- Resultata frå undersøkinga er ikkje så overraskande, men det er jo greit å få bekrefta den kunnskapen vi har om studentane. Og eg vil oppfordre alle fagmiljø til å sjå nøye på tala og analysane som står i rapporten, seier Selvik.

HVL motverkar hjerneflukta

Det er ein tendens til at studentar søker seg bort frå distrikta etter studia. «Hjerneflukt» er eit omgrep for at eit geografisk område gir frå seg fleire ungdom til høgare utdanning enn dei får ferdig utdanna kandidatar tilbake. Kandidatundersøkinga 2018 viser at Hordaland og Oslo har ein gevinst her frå utdanningsinstitusjonar på Vestlandet, mens til dømes Sogn og Fjordane og Rogaland opplever ei reell hjerneflukt. 

- Undersøkinga stadfestar det vi ved HVL har hevda – det er viktig å ha eit spreitt tilbod om høgare utdanning i nærområda. Tala viser at utdanningane ved campusane våre, i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund, bidreg til å motverke eller dempe hjerneflukta frå sine nærregionar.

Studentane vil ha praksis

Utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet er i stor grad retta mot arbeidslivet, og dei fleste studentane får mykje praksis i løpet av utdanninga. Dette blir oppfatta som ein av grunnane til at dei fleste får relevant arbeid etter studia.

- Det er interessant å se at kandidatar frå alle utdanningane ønsker seg meir praksis, sjølv dei som allereie kjem frå praksistunge utdanningar som sjukepleier- og lærarutdanningane. Vi jobbar for å få praksis og kontakt med arbeidslivet inn som viktige element i alle utdanningane våre, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik. 

Kandidatundersøkinga 2018 (pdf)