HVL med fleire nye utdanningar

Høgskulestyret landa neste års studieportefølje, budsjett og årsplan under styremøtet i Sogndal.

Årets siste styremøte ved campus Sogndal hadde fleire spennande saker på menyen.

- Vi hadde eit bra styremøte med mange store, viktige og godt førebudde saker, seier styreleiar Arvid Hallén.

Første sak ut var studieporteføljen. Den fortel kva utdanningar høgskulen skal tilby neste år.

- Dette er ei stor sak som rommar mykje. Det handlar om fag og campus, og samspelet med omgjevnadane våre, seier Hallén.

- Styret ser og høyrer at det har vore prosessar i fagmiljøa.

- Studietilbodet vårt vil alltid vere i rørsle og utvikling. Det kjem nye utdanningar, noko fell bort og mykje vert tilpassa nye tider både på fag- og undervisingssida.

- Det kom greitt fram både i saka og i sjølve handsaminga.

Av nye utdanningar for neste år fekk det nye bachelorstudiet i nautikk med integrert praksis god merksemd.

Rekrutteringsundersøkinga var og på styrets bord.

- Studentrekruttering er eit område styret har stor merksemd på. Saka var godt gjennomarbeida og styret ser at det vert jobba systematisk og godt med dette.

Budsjett 2022, årsplan og rapport kom òg i mål. I budsjettsaka var styret oppteken av at dei store satsingane må understøtte universitetsambisjonen. Forenklinga av rapporteringssystema var òg noko styret merka seg positivt. Det same med strukturen på årsplan som følgjer spora i HVL-strategien.

Arbeidet med det nye universitetsnamnet var og innom styret. Prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, orienterte styret om prosessen og at arbeidsgruppa leverer sin rapport innan kort tid. Arbeidet vil då bli offentleggjort og presentert internt og eksternt.

styrem_nov21.jpgAlexander Papas er studentrepresentant i styret. Han er oppteken av rekruttering til lærarutdanning.

styrem-GK21.jpgProrektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, presenterte den nye avdelinga arbeidsliv, samfunnskontakt og livslang læring som ligg til hans område. Resaland fekk god respons på arbeidet, retninga og framdriften i frå styret.

styrem-naustdal.jpgProrektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, orienterte styret grundig om neste års studietilbod og arbeidet med studentrekruttering.

styrem-nov21.jpg
Styremedlem Trond Ueland ga utrykk for at arbeidet med neste års studietilbod fint fangar inn høgskulen sin profesjons- og arbeidslivsretta profil.