HVL representert i ekspertgruppe for barnehagelærarrolla

Hege Fimreite, instituttleiar ved barnehagelærarutdanninga på campus Sogndal, er eit av medlemene i gruppe oppnemnt av Kunnskapsdepartementet (KD).

– Dette blir veldig lærerikt, og vil gi stort fagleg utbyte både for meg som fagperson og for HVL sine barnehagelærarutdanningar, seier Hege Fimreite.

Kvifor trur du at KD spurde deg om å delta i ekspertgruppa?

 Her på campus Sogndal har vi jobba godt med barnehagelærarutdanninga over mange år, og har eit tett samarbeid med regionen og praksisfeltet. Vi var pilot for den nye BLU-utdanninga, er involvert i den nasjonale styrarutdanninga og har i tillegg god erfaring med samlingsbasert BLU-utdanning. I tillegg har KD sagt at dei synes eg har ein interessant bakgrunn. Det handlar truleg om at eg er klinisk pedagog med 10 års erfaring frå BUP, psykisk helsevern for barn og unge samt at eg har vore leiar i både barnehage, skule og høgskule. Til saman gjer dette meg godt rusta til å meine noko om barnehagelæraren si rolle i framtida, seier Fimreite.

Kvifor treng ein å sjå på barnehagelærarrolla?

I august 2016 la eit ekspertutval fram sine råd for utviklinga av lærarrolla. I juni i år kunngjorde kunnskapsministaren at han ville sette ned eit ekspertutval som skal sjå på barnehagelærarrolla.

– Barnehagane fekk ny rammeplan i august. Dette i kombinasjon med ny barnehagelærarutdanning og det at departementet no har definert barnehagen som ein del av utdanningsløpet, gjer at denne ekspertgruppa er heilt på sin plass, avsluttar Fimreite.

Utvalet startar opp arbeidet no i september, og skal levere sin rapport i desember 2018.

Mandat og samansetting av ekspertgruppa