Her skal dei lære robotane å samarbeide nært med menneske

Det nye forskings- og innovasjonssenteret HVL Robotics Lab blei opna med gåvedryss frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Eit sterkt fagmiljø innan robotikk har vokse seg fram i Førde.

Når nokon seier ordet «robot», ser du gjerne føre deg noko hardt og kaldt, ei maskin som durar på med sitt utan omsorg for omgjevnadene, gjerne med brå og kantete rørsler. Kanskje kan den også vere farleg å vere i nærleiken av, om du ikkje veit kva du gjer. Slik er ikkje robotane dei forskar på i Førde. Samla på labben der er eit knippe av dei nye, mjuke og vennlege robotane, designa for å kunne samarbeide med menneske.

- Desse robotane er fleksible og ettergivande. Viss du legg handa di på ein av dei, stoppar den gjerne det den gjer. Dette gjer dei trygge og gode å samarbeide med, seier Erik Kyrkjebø, forskar og leiar for det nye forskingssenteret.

Under opninga av senteret 15. mars tok han imot ei gåvesjekk på 7,5 millionar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, den største enkeltgåva frå banken nokosinne. Gåva er gjeve via eigarstiftinga til banken, sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Lærenem arm og høfleg bord

Saman med gåva frå banken og interne strategiske prioriteringar ved høgskulen, blir det snakk om ei satsing på rundt 25 millionar kroner på robotikk i Førde dei neste fem åra. Dette vil både komme næringslivet til gode gjennom meir næringsretta forsking, og i tillegg støtte opp om nye mastergraden i Anvendt datateknologi og ingeniørvitskap som startar til hausten.

Eit par av dei vennlege robotane i labben kvitterte for gåva ved å servere sjokoladekake til dei frammøtte. Stipendiat Daniel Schäle demonstrerte korleis han kunne lære opp ein kvit,  bølgjeforma robotarm i å skjere kaka i passelege stykke. Deretter dirigerte stipendiat Gizem Ates Venås eit lite dukkledd robotbord til å køyre fram til gjestane og by på kake, ved hjelp av ein sensor på armen sin.

Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknad ved Sparebanken Sogn og Fjordane, tok lattermildt imot kakestykket frå det høflege bordet.

- Det er utruleg inspirerande å sjå korleis HVL jobbar så aktivt opp mot næringslivet. Eit variert studietilbod er viktig for lokalsamfunnet vårt, og næringslivet og studiestadane bør, skal og må dra synergiar av kvarandre, sa Farsund.

- Vi ønskjer lykke til med prosjektet, og vil takke gode krefter ved HVL for å få dette til. Dei gjer ein viktig jobb for å løfte studietilbodet i regionen ved å tenke nytt og stort. Det treng vi.

Bringebærplukking, sveising og helsehjelp

Teknologiane forskarar og studentar jobbar med ved labben, er retta mot små og mellomstore bedrifter. Der kan robotane i dag hjelpe til med enkle jobbar som stabling på pallar og andre logistiske gjeremål, men på sikt også jobbe tett saman med menneska i produksjonen for å løfte saman, montere og lære å sveise eller lime delar saman.

Dei siste par åra har det komme mange konkrete resultat av satsinga på robotikk og automatisering ved HVL, hovudsakleg gjennom forskingsprosjektet Teknoløft, leia av Erik Kyrkjebø. Mellom anna har det leia til utvikling av dataspel til hjelp innanfor rehabilitering av pasientar, automatisering av produksjonen av baderomsmodular og utviklinga av ein spesialgrasklippar til bruk i frukt- og bærnæringa. Sistnemnde kjem til å kunne langt meir enn å klippe ein vanleg, jamn hageplen -  han skal lære seg å køyre under bærbuskar og i ulendt, bratt vestlandsterreng.

I eit av dei største prosjekta som har vokse ut av Teknoløft, FuturRaPS, jobbar forskarane med ein robot som kan plukke bringebær. I spissen for dette er Martin Fodstad Stølen, sentral i robotsatsinga til HVL. Denne nyvinninga har alt fått internasjonal merksemd – plukkinga av mjuk frukt ved hjelp av maskiner har vore ein teknologisk hard nøtt å knekke, melde The Guardian.

- Sjølv om nokre arbeidarar kan miste jobben ved at ting blir automatiserte, så er det gjerne jobbane som ingen vil ha som går først – dei som er farlege, kjedelege eller skitne, seier Kyrkjebø.

- Mange rapportar viser til at det faktisk blir skapt fleire jobbar enn det som forsvinn når ein tek i bruk robotar, og at trivselen gjerne aukar for dei som jobbar i bedrifta.

- Eit godt bilde på det nye universitetet 

Til stades ved opninga var også Jens Kristian Fosse, dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Han framheva korleis fagmiljøet kring robotikk har vore bygd opp stein for stein, og no går frå gründer-perioden og inn i ein meir etablert fase. Med den nye labben er Førde i ferd med å bli ein ekte universitetscampus med forskingsinfrastruktur, masterprogram, bachelorprogram og eit veksande fagmiljø.

- Dette er eit godt bilde på det universitetet HVL er i ferd med å bli: eit samarbeidande, profesjons- og arbeidslivsretta universitet, sa Fosse.

Dei siste åra har HVL gjort eit byks på forskingssida. Universitetsambisjonen har leia til ei oppbygging av kompetanse og forskingsinfrastruktur, noko teknologisatsinga i Førde er eit eksempel på.

- Robotikklabben heng nøye saman med utfordringar og behov vi ser i omgjevandene våre. Særleg treng vi å styrke regional produksjonsindustri, som står overfor utfordringar med å automatisere meir av verksemda si.

LATTERMILD DIREKTØR: Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknad ved Sparebanken Sogn og Fjordane, blir servert kake av eit robotbord.