
HVL stadig populær
Høgskulen på Vestlandet held stand som ein av dei mest populære studieplassane i landet.
Dei totale tala for HVL viser at høgskulen hevdar seg bra nasjonalt i konkurransen om søkjarane.
- Vi har fleire søkjarar enn i fjor, og har om lag like stor andel av totale søkjarar til høgare utdanning. HVL er berre så vidt over eitt går gamal, og vi merkar at vi fortsatt har eit stykke å gå før Høgskulen på Vestlandet er eit like kjent namn for søkjarane som dei gamle høgskulane på Vestlandet. Dette vil endre seg over tid, når søkjarane meir og meir knyt HVL-namnet til gode studium, flinke fagfolk, flotte campusar og fornøgde studentar, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik.
Stor variasjon i tala
Det er stor variasjon i søkjartala mellom dei ulike campusane til HVL. Førde har ein god vekst i søkjartalet, i Sogndal er tala på nivå med fjoråret, mens på Stord og i Haugesund er det ein nedgang i talet på søkjarar. Søkjartala til studia i Bergen viser ein vekst som ligg langt over landsgjennomsnittet.
Når det gjeld kva fag som veks og dalar i popularitet, er det dei nasjonale trendane som påverkar søkjartala også på HVL. Helse- og sosialfaga blir stadig meir populære, og utdanningane til barnehagelærar og grunnskulelærar har jamt over gode søkjartal.
Auke i Sogndal og Førde
Sogndal sin status som ein god studiestad held seg. Høgskulestudiane i Sogndal har samla sett nokon fleire søkjarar enn i fjor. Barnevernsstudiet er blant dei aller mest populære studia til Høgskulen på Vestlandet. Det er også god vekst i talet på søkjarar som har barnehagelærer- og grunnskolelærarstudia som førsteval.
I Førde er det ein samla vekst på heile 13 prosent, men det er stor forskjell mellom faga. Sjukepleiarutdanninga i Førde er blant dei aller mest populære studia ved Høgskulen på Vestlandet. Det nye tilbodet i informasjonsteknologi har også svært mange søkjarar. Dei andre ingeniørfaga har færre søkarar, men aukar samanlikna med fjoråret.
Sprikande søkjartal for Stord og Haugesund
Sjukepleiarstudia på Stord er eitt av dei mest populære studia ved Høgskulen på Vestlandet, og barnehagelærarstudiet har ei gledeleg vekst i talet på søkjarar. Grunnskulelærarutdanninga, særleg på lågaste trinn, slit derimot med søkjartalet.
I Haugesund er også sjukepleiarstudiet svært populært. Studia i nautikk og økonomi og administrasjon har solide søkjartal, sjølv om det er ein nedgang i talet på førstevalsøkjarar samanlikna med i fjor.
Mange vil til Bergen
Sjukepleiarutdanninga i Bergen er blant dei ti mest populære studia i landet. Det er også auke i søkjarar til lærarutdanninga.
- Det er gledeleg med auke i søkjarar til lærarutdanninga, og at det samla søkartalet til studia ved Fakultet for ingeniør og naturvitskap er så høgt, seier Bjørg Kristin Selvik.