HVL-styret med sterkt signal for Ukraina

Styret gir eit klart signal om at HVL skal stå klare til å ta i mot ukrainske flyktningar som studentar og akademiske kollegaer.

- Krigen i Ukraina berørar oss alle. Det er eit stort engasjement i styret for dette, seier styreleiar Arvid Hallén.

Han fortel at alle landets høgskular og universitet er beden av Kunnskapsdepartementet om å melde inn ledig kapasitet til å ta imot ukrainske flyktningar som studentar.

- HVL er på tilbodssida i denne situasjonen. Vi har ein svært god fleircampus-struktur, dyktige tilsette og gode utdanningstilbod av kortare og lengre art som er relevante, legg han til.

- Saman med styresmaktane må vi finne gode og raske løysingar og verknadsfulle samarbeidstiltak. Styret er svært oppteken av at vi skal få dette til.

Rektor Gunnar Yttri orienterte styret om at HVL i lag med andre universitet og høgskular har stor merksemd på kva støtte ein kan bidra med kring situasjonen i Ukraina. Ein ser no melom anna på ledige studieplassar og moglegheiter for oppskalering av engelskspråklege tilbod og norskopplæring. 

Av andre saker som styret handsama på møtet i Bergen peika studiebarometer, forskarutdanning, årsrapportar og budsjett seg ut som dei viktigaste sakene.

I handsaminga av budsjettet for 2022 ba styret fakulteta om å bruke handlingsrommet som mellom anna avsetningane gir på ein måte som sikrar utvikling og kraft i den faglege verksemda.

- HVL har ein god økonomisituasjon og det er god styring. Styret slutta seg til framlegget til budsjett, men understreka at høgskulen skal vere offensive utan at vi aukar dei faste kostnadene på lang sikt. Vi ser at det kan vera krevjande, og det er mange omsyn som skal takast i vare. Men det er mogleg.

- Vi går mellom anna i gong med ei ny startegi og vi må prioritere og få fram satsingar som gjer oss i stand til å  vidareutvikla høgskulen mot universitet.

Studiebarometer var ei sak som fanga styrets merksemd.

- Tilbakemeldingane frå studentane er svært viktig i utviklinga av studiekvaliteten og læringsmiljøet i høgskulen. På nokre felt skårar høgskulen godt. På andre område har vi eit potensial for utvikling og forbetring. Vi registrerer at fagmiljøa har merksemd på dette og jobbar med å sette inn tiltak.

- Ambisjonen er at vi over ei tid skal skåre høgare på opplevd tilfredsheit blant studentane.

Forskarutdanninga var og på styrets bord. Her viser tal og prognosar ei jamn utvikling og at ein søknad om universitet kan sendast i løpet av 2023.

- Styret anerkjenner arbeidet. Høgskulen byggjer seg sterkare og sterkare og vi er på mange område eit godt universitet, seier Hallén.

Årsrapporten for 2021 fekk god omtale. Det same med rapportane frå klagenemnda, personvernombodet og språkpolitisk utval.

- Desse rapportene viser at det vert lagt ned mykje godt arbeid. På mange område er vi langt framme og andre institusjonar ser gjerne til oss.

- Så er det alltid rom for å ta nye steg, setje seg nye mål og utvikle arbeidet. Eksempelvis innan språkpolitikken kor HVL gjer mykje godt, forventar styret at vi er enda meir offensive inn mot klar språk, fagspråk og gode språktilbod for studentar og tilsette.

Til informasjon om krigen i Ukraina og Høgskulen på Vestlandet.

Styremedlem Tone Skjerdal var oppteken av at HVL i større grad opnar for faste tilsettingar. Til venstre styremedlem Ragnar Gjengedal.

Styremedlem Kristin Aadnøy Eriksen peikte på at HVL gjer mykje bra innan språkarbeidet og vil at arbeidet med klar språk skal styrkast og få meir merksemd.

Marie Charlotte Moilanen Kettunen og Alexander Papas er studentrepresentantar i styret og understreka at arbeidet med god studiekvalitet må diskuterast og arbeidast med på mange nivå i høgskulen.

Styremedlem Hege Økland var ein tydeleg stemme for at HVL må vera klare og på tilbodssida når det gjeld situasjonen kring ukrainske flyktningar.

Arbeidslivsrelevans er eit område styremedlem Trond Ueland meiner HVL må skåra betre på i Studiebarometer framover. – Å invitere arbeidslivet aktivt inn på campusane våre kan vera eitt av fleire grep.