HVL tek plass i Arendalsuka

Kva rolle har akademia i regional utvikling? Kva betydning har teknologiutdanninga for grøn omstilling? Korleis kan me rekruttere fleire inn i læraryrket – og utdannar vi helsepersonell for eit multikulturelt samfunn? Dette er litt av dei spørsmåla som HVL og gode samarbeidspartnarar reiser i Arendalsuka.

HVL har delteke i Arendalsuka i fleire år med ulike arrangement. I år tar HVL steget vidare. På menyen står fleire viktige debattar i lag med sentrale samarbeidspartnarar.

Ein viktig møteplass

Prorektor for regional utvikling i HVL, Geir Kåre Resaland, seier at høgskulen vurderer Arendalsuka som ei viktig møteplass å delta på.

- Det er naturleg at me tek aktivt del i det nasjonale ordskiftet i kraft av å vera det nye profesjons- og arbeidslivretta universitet på Vestlandet.

- Så er det også slik at me vurderer vår deltaking i Arendalsveka frå år til år.

- I år tykkjer eg me set gode spor gjennom å løfta fram fleire aktuell problemstillingar. Me deler viktig og ny kunnskap som famnar langt ut forbi akademia.

Bidrag frå fagmiljøa

- Særleg gledeleg i år er det at me har bidrag frå fleire av fagmiljøa våre og slik får sett dagsorden. I tillegg har vi fleire av leiarane våre med i ulike panel og samtalar.

- Så er det bra at mange sentrale beslutningstakarar deltek i våre arrangement. Det viser at vi er relevante, aktuelle og interessante.

Resaland seier at Arendalsuka også er ei fin anledning til å treffa leiarar frå universitets- og høgskulesektoren, men og andre viktige samarbeidsaktørar som politikarar og samfunns- og næringsliv.

Her er HVL sine arrangement i Arendalsuka 2022:

• Mandag 15. aug. kl. 12.30-13.30 Hvilke kompetanser trenger vi for å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommunene?
• Tirsdag 16. aug. kl. 14.30-15.30 Akademia si rolle i regional utvikling
• Onsdag 17. aug. kl. 14.30-15.30 Teknologiutdanningens rolle i grønn omstilling
• Onsdag 17. aug. kl. 16.30- 17.30 Hvordan kan vi rekruttere og beholde flere lærere?
• Torsdag 18. aug. Kl. 10.30-11.30 Ein generasjon satt på spel?
• Torsdag 18. aug. kl. 12.30 -13.30 Utdannar vi helsepersonell for eit multikulturelt samfunn?