Utvikla digital drahjelp til pasientar i psykisk helsevern

Christian Moltu er tildelt innovasjonsprisen i Helse Vest. Han fekk prisen for eit digitalt system der pasientar melder frå om korleis dei har det før behandling.

Norse Feedback heiter verktøyet, og det hjelper pasientane til å ta meir aktivt del i behandlinga og støttar behandlarane i samtalar med pasientane. Moltu fekk prisen under den årlege forskingskonferansen i Helse Vest. 

Norse Feedback blir skildra som eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Innovasjonsprisen var på 100.000 kroner, saman med eit kunstverk og blomar. Christian takka pasientane, alle som har bidrege med finansiering og ikkje minst alle medarbeidarane som er med på å utvikle tenesta.

– Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med til å finansiere utviklinga, fortel Moltu, som er psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet. 

Korleis fungerer Norse Feedback?

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system der pasientar melder frå om korleis dei har det før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang til avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Systemet gir raskt grafisk informasjon som behandlaren og pasienten kan bruke når dei treffest. Det kan hjelpe til for å gjere endringar i behandlinga, og at pasientane kan medverke meir i behandlinga sjølv. Norse Feedback er utvikla på bakgrunn av forsking på behova til pasientar, klinikarar og forskarar.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen. «Eg visste ikkje at eg kunne snakke om dette», er ei tilbakemelding vi ofte får frå pasientane.

Utdrag frå juryen si grunngjeving

Norse Feedback er eit digitalt system og eit konsept som persontilpassar behandlinga til pasientar som i dag ikkje får tilfredsstillande behandling. Systemet har sitt utspring innanfor psykisk helsevern, men blir òg nytta i somatikken og innanfor rusfeltet.

Utvikling hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Systemet fremmar samval og brukarmedverknad, og er særleg nyttig ved behandling til sårbare pasientgrupper som tidlegare har falle ut av behandlingsløpet. Norse Feedback er utvikla for enkel og sikker bruk på mobile plattformar for pasientane.

Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings-, kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg. Mellom anna bruker Helse Midt-Norge Norse Feedback i fem klinikkar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling. Sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019.

Saka har stått på trykk på nettsida til Senter for helseforsking