Diskuterte framtidas helse- og sosialfagutdanningar

Måndag 27. mars hadde Ola Borten Moe innspelsmøte ved Høgskulen på Vestlandet om framtidas helse- og sosialfagutdanningar. Omlegging av praksis, behovet for å utvikle ny kunnskap og kompetanse for å møta eit samfunn i endring, og samarbeidet mellom utdanningssektoren og helse- og velferdssektoren var blant tema som blei diskutert.

Møtet er ein del av arbeidet med ny Stortingsmelding om profesjonsutdanningane som skal koma våren 2024.

- Regjeringa har høge ambisjonar for profesjonsutdanningane våre, men vi har nokon utfordringar, blant anna når det gjeld kapasitet, kvalitet og mangfald. Desse utfordringane ynskjer vi å diskutere her i dag, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe under møtet.

- Den største utfordringa framover er tilgangen på folk, og nye studieplassar kjem ikkje til å løyse det. Vi må i større grad ta utgangspunkt i kva kompetanse samfunnet har behov for, men også sjå på korleis vi kan mobilisere ein større del av befolkninga i høgare utdanning, sa statsråden.

Bilete: Statsråd Ola Borten Moe opna innspelsmøte på Høgskulen på Vestlandet om helse- og sosialfagutdanningar i samband med ny Stortingsmelding om profesjonsutdanningane. 

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet Gunnar Yttri, understreka at høgskulen er tett på arbeidslivet og viktig for utviklinga av gode velferdstenester på Vestlandet. Det nye Universitetet vil og ha ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil, og det å ha fem campus på heile Vestlandet gjer oss godt rusta for å bidra til gode tenester i heile regionen.

- Profesjonsutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet er vesentleg for korleis Vestlandet utviklar seg, ja også for korleis Noreg utviklar seg. Kvaliteten på våre kandidatar er bestemmande for kvaliteten i arbeidslivet og på kvaliteten på velferdstenestene som blir tilbydd innbyggjarane, sa Yttri då han opna innspelsmøtet.

Innspelsmøtet vart streama. Her kan du sjå heile møtet.

Endra demografi og kompetansebehov

Både Utsynsmeldinga som kom fredag i førre veke og Helsepersonellkommisjonen si utgreiing som kom i byrjinga av februar utgjer eit viktig bakteppe for den nye meldinga. 

Noreg står framfor store demografiske endringar og store endringar i kompetansebehov i arbeidslivet. Vi blir fleire eldre og færre til å ta seg av dei. Helsepersonellkommisjonen understreka i si utgreiing at mange kommunar og helseføretak alt står i ei bemanningskrise, særleg i distrikta.

I utsynsmeldinga understrekar regjeringa at dei vil prioritere kompetanse som er naudsynt for eit konkurransedyktig næringsliv, for å gjennomføre grøn omstilling og for å kunne ha gode velferdstenester i heile landet.

For universiteta og høgskulane betyr det at ein må prioritera å auka talet på studieplassar innan IT, helse og utdaningar som er naudsynt for det grøne skiftet. Universitet og høgskular skal sjølve omdisponere ressursar slik at kapasiteten aukar på område som er etterspurt, står det i meldinga. Det betyr omprioriteringar og omstilling på eigen kjøl for universitet og høgskular.

- Utsynsmeldinga ber bod om at vi må ta eigne og sjølvstendige grep for å utvikle oss vidare, men meldinga viser også at Høgskulen på Vestlandet har utdanningar og forsking av høg samfunnsrelevans ikkje berre i dag, men også i tida som kjem, seier rektor Gunnar Yttri.

Les fleire kommentarar frå rektor Gunnar Yttri om Utsynsmeldinga

Praksisplassar er ein flaskehals

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ei av landets største sjukepleiarutdanningar, i tillegg utdannar HVL studentar innafor ei rekke andre profesjonar innan helse- og sosialfag.

Bilete: Statsråden og rektor fekk og ei omvisning på SIM Arena som er simulerings- og ferdigheitslabbar der studentane får øve seg på det som  møter dei i arbeidslivet. HVL har slike labbar på alle fem campus.

Det er størst mangel på sjukepleiarar, men det er til dømes også stort behov for fleire spesialsjukepleiarar og jordmødre.  

Ei viktig flaskehals for å utdanna fleire, er mangel på praksisplassar. Dette gjeld særleg innan spesialisthelsetenesta, men også innan kommunehelsetenesta. Utfordringane med å få nok praksisplassar var eit tema på innspelsmøte, og mange var opptatt av at det er behov for ei større omlegging av praksis.

Behov for omlegging av praksis

Profesjonsutdanningane er regulert av eit EU- direktiv som gir sterke føringar for omfang og innretning på praksisstudiane. Ifølge EU-direktivet skal om lag halvparten av studietida i sjukepleieutdanninga vere pasientnær praksis i spesialisthelsetenesta og/eller i kommunehelsetenesta.

- Praksiskravet i EU-direktivet speglar gårsdagens og ikkje dagens helseteneste. Praksisstudiar har i for lita grad følgt utviklinga i helse- og omsorgstenesta med mindre liggetid på sjukehus og meir fokus på pasientforløp. Det er behov for ei omlegging der studentane i større grad følgjer pasientane frå spesialisthelseteneste til kommune, sa dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap Randi Skår.

Vernepleiarstudentar trenar på SIM Arena, ein simulerings- og ferdigheitslab på Høgskulen på Vestlandet. Bilete: Følgje med statsråden og rektor fekk også sjå vernepleiarstudentar i aksjon på SIM Arena.

- Særleg innan kirurgi er liggetida i dag kort og læringsutbytte for studentane kan bli avgrensa. Vi meiner at simulering og ferdigheitstrening vil kunne erstatte delar av praksis og at det vil gje studentane vel så god kompetanse i møtet med arbeidslivet, sa Skår.

Betre rammevilkåra for praksis i kommunane var og oppe til diskusjon. I dag har ikkje kommunane plikt til å ta i mot studentar i praksis, og får heller ikkje same finansiering for å ta imot studentar som spesialisthelsetenesta. Helsepersonellkommisjonen foreslår at kommunane får denne plikta, på same måte som den lovfesta plikta helseføretaka har i dag.

- Det må være likeverdige rammevilkår for praksis i kommunar og i spesialisthelsetenesta. Dette må forankrast i lov og det må følgje finansiering med, sa Sissel Larsen frå Bergen kommune.

Tett samarbeid mellom utdanning og helsesektoren

Behovet for forskings- og utviklingskompetanse i helse- og sosialfagutdanningane var også eit tema på møtet. Utdanning og forsking heng tett saman. Profesjonsutdanningane skal være forskingsbaserte, og for å få til endring og utvikling treng ein kunnskap.

Det var einigheit om at denne kunnskapen må utviklast i tett samarbeid mellom utdanningssektoren og helse- og omsorgstenesta, og at det er behov for eit sterkare samarbeid mellom sektorane.

Høgskulen på Vestlandet er tett på arbeidslivet og skal bidra til å løyse utfordringar og utvikle kvaliteten i tenestene.

- Her må vi og sjå på behovet for nye profesjonar og ny kompetanse, innan til dømes innovasjon og teknologi. Vi må gjera studentane i stand til å møta eit samfunn og arbeidsliv i omstilling og endring, sa dekan Randi Skår.

Det blei og framheva at det er viktig at utdanningssektoren bidreg til forsking på det som er behovet i tenestene. Samstundes var mange opptatt av at det bør forskast meir på kommunehelsetenesta og at ein må satsa meir på tverrfagleg samarbeid mellom profesjonane.