
Felles innsats for å få tilbake heiltidsstudentane
Som høgskule med campus i både by og bygd, kan det vere ei utfordring å tilpasse felles utdanningstilbod både til studiestad og nærliggande regionar. Denne utfordringa har fått barnehagelærarmiljøet i Sogndal til å tenke nytt for å få heiltidsstudentane tilbake til campus Sogndal og regionen.
HVL og kommunane i indre Sogn har inngått eit viktig samarbeid om framtidas barnehagelærarutdanning. Bakteppet er at færre vel å utdanne seg til barnehagelæraryrket samtidig som behovet for kvalifiserte barnehagelærarar aukar.
Avtalen legg til rette for å rekruttere fleire studentar, og gje dei moglegheit til å kombinere studiar med arbeid i barnehage. Frå hausten 2025 kan studentar på barnehagelærar studere fulltid med tilrettelagt deltidsjobb ved barnehagelærarutdanninga i Sogndal.
Samarbeid med kommunane
Høgskulen på Vestlandet har inngått ein intensjonsavtale med dei seks kommunane i indre Sogn; Sogndal, Vik, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster for å tilby fulltidsstudie med sikra deltidsjobb i barnehage.
– Samarbeid er nøkkelen når vi skal møte utfordringane i lag, seier studieprogramleiar Osvald Lykkebø.
Kommunane har eit stort ansvar og heiltidsstudentane ved Sogndal har vore viktige for å sørge for at dei som utdannar seg, blir i dei nærliggande kommunane.
– Det er kommunane som har best oversikt over framtidige barnehagelærarar i eigen kommune. Vi trur at kommunane må bidra til å rekruttere studentar frå sine kommunar, og finne nokre insentiv for at det skal bli attraktivt å bli verande. Denne avtalen vil vere eit godt grunnlag for vidare samarbeid, seier Lykkebø.
Kommunalsjefar og ordførarar frå dei seks kommunane var inviterte til HVL for ein signeringslunsj 9. desember.
Det var sendt pressemelding til ulike redaksjonar i forkant, og det har vore fleire medieoppslag om det nye samarbeidet på kommunane sine nettsider, i Utdanningnytt og i Sogn avis (bak betalingsmur, utklipp frå avisoppslaget:
Målet med intensjonsavtalen
Målet er å få fleire studentar til å velje barnehagelæraryrket og sørge for god kvalitet i barnehagane i framtida. Avtalen er eit viktig steg for å løyse nokre av rekrutteringsutfordringane. Samarbeidet med kommunane har som intensjon å fremja:
- Å få fleire studentar til å starte på heiltids barnehagelærarutdanning i Sogndal. Dette kan innebere samarbeid om kampanjar, informasjonsmøte og andre tiltak som gjer utdanninga meir kjent og attraktiv.
- Studentar som tek heiltids barnehagelærarutdanning får tilbod om å jobbe i ein 20 % deltidsstilling i ein barnehage i kommunen. Slik kan studentane få nyttig arbeidserfaring samtidig som dei studerer.
- Satsinga skal sikre at barna i regionen har trygge og kompetente vaksne rundt seg. Samtidig ønskjer kommunen at studentar ser på dei som ein attraktiv stad å arbeide etter fullført utdanning.
Felles innsats for rekruttering: Kommunalsjefar og ordførarar frå kommunane møttest måndag 9. desember på HVL i Sogndal for å signere og markere inngåing av den nye intensjonsavtalen.
– Dette er eit nytt og spennande initiativ og at HVL kan tilby barnehagelærarutdanning fulltid i Sogndal er særs viktig både for Luster kommune og dei andre nabokommunane våre. Vi håpar den nye ordninga vil bidra til framtidig rekruttering. Ordninga viser også at kommunane ønskjer å ta eit medansvar for å utdanne dei barnehagelærarane som skal gje barna våre ein god start på livet, seier kommunalsjef for oppvekst i Luster kommune Knut Åge Teigen.
Prodekan for regional utvikling, Sigurd Sandvold saman med kommunalsjef for oppvekst i Luster kommune, Knut Åge Teigen signerer intensjonsavtalen.