Ivan til topps i Forskar Grand Prix

For første gang går ein stipendiat frå HVL vidare til den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix. Tysdag kveld sikra Ivan Tokheim andreplass i den lokale finalen i Bergen.

I ein fullsett sal gjekk Forskar Grand Prix stabelen ved Høgskulen på Vestlandet. Her konkurrerte ti stipendiatar om å bli den beste forskingsformidlaren. 

På fire minutt presenterte dei forskinga si, og blei fortløpande vurdert av både publikum og dommarar. I dommerpanelet sat professor Therese Egeland frå NHH, journalist Kjetil H. Dale fra TV 2 og skodespelar og inspisient Stine Revheim Svellingen.

I doktorgradsprosjektet forskar Ivan på motivasjon i matematikkfaget ved hjelp av ulike former for populærmatematikk. Han har laga eit rammeverk som lærarar kan bruke for å fremje engasjement og læreglede.

Marita Nygård, som var den andre kandidaten frå HVL som deltok i konkurransen, gjorde også ein strålande innsats.

Førsteplassen gjekk til UiB-forskar Anna-Luise Schönheit. Ho vann med sin presentasjon av korleis vi dannar oss inntrykk av andre menneske basert på enkeltståande politiske haldningar. 

Schönheit og Tokheim skal begge representere Bergen i den nasjonale finalen i Forsker Grand Prix i Oslo 24. september.