Jon Gunnar Nesse har fått opprykk til dosent

Jon Gunnar Nesse underviser i organisasjonsteori på Institutt for økonomi og administrasjon i Sogndal, og forskar mellom anna på entreprenørlyst blant ungdommar. No har han blitt dosent i organisasjon og leiing.

Kva forskingsgruppe høyrer du til?

– Det er ikkje noka formell gruppe, men eg har arbeidd mykje saman med andre på IØA i Sogndal, som Torbjørn Årethun, Ove Oklevik og Johannes Idsø. Eg har også hatt godt samarbeid med enkelte på Vestlandsforsking, som Øyvind Heimset Larsen og tidlegare Ingjerd Skogseid. Dessutan har eg publisert saman med både nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Kva forskar du på?

– Regional utvikling, med hovudvekt på innovative nettverk (trippel-heliks-samarbeid), entreprenørlyst blant ungdommar og entreprenørskap.

Korleis starta forskarkarriera di?

– Det var faktisk Georg Arnestad som fekk meg til å starte ei akademisk karriere. I 1983 starta økonomi-/administrasjonsstudiet opp i Sogndal, på det som heitte Sogn og Fjordane distriktshøgskule (SFDH). Georg ringte og bad meg søke på ei ledig stilling der. Eg kjende Georg frå studietida på Norges Handelshøyskole.

I 1983 var eg i gang med å ta jusstudiet i Bergen, men fann ut at det kunne vere greitt å få seg ein ordentleg jobb, så eg byrja på SFDH i 1984. Dei første 15 åra var eg rein «undervisningsmaskin», utan noko særleg forsking. Men eg var medforfattar på fleire lærebøker på denne tida.

Sjansen til å bli med på eit forskingsprosjekt kom i 1999, då Oddbjørn Bukve fekk meg med på prosjektet «Regional utvikling 1999-2004». Så det var Oddbjørn som fekk inn på forskarsporet, det er eg svært takksam for. Sidan har eg vore med på fleire større forskingsprosjekt, mellom anna VRI2 og VRI3. Eg har dessutan vore med på både EU- og EØS-prosjekt. Det har vore både lærerikt og morosamt å arbeide i eit internasjonal miljø.

Kan du trekke fram eit eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

– Eit interessant miniprosjekt eg er med på no er å undersøke kvifor nokre it-bedrifter etablerer seg i distrikta, og kva utfordringar desse bedriftene har i arbeidet med å utvikle seg vidare.

Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

– Midlane kan ungdommen få, men rikeleg med tid er viktig. Eg ville reist rundt i Noregs land og snakka med arbeidstakarar, leiarar og entreprenørar. Så ville eg ha skrive boka om norsk arbeidsliv anno 2020. Eg er viss på at det er mange gode historier der ute.

Vi gratulerer med opprykket!