Kartlegging av kompetansebehov

Wind of Change har kartlagt og arbeidd med kompetansebehov for havvind. Gjennom prosjektet har HVL hatt god dialog med Norwegian Offshore Wind Cluster og Maritime Cleantech som har gjennomført liknande kartleggingar, men med eit litt anna fokus. Wind of Change vektla kompetanse for sjøfolk – og undersøkte behovet for ny kompetanse retta mot dei maritime operasjonane for flytande havvind.

– Vi skal tilby relevant og riktig kunnskap, til ei næring som er i stadig omstilling, fortel Kristoffer Fagervoll Sortland, som er innovasjonsrådgjevar ved Institutt for maritime studium ved HVL.

– Når næringa sjølv peiker på havvind som eit sentralt marknadssegment i framtida, må vi ligge i framkant for å kunne tilby denne kompetansen. Kartlegginga har til hensikt å avdekke kva dei faktiske behova er.

Flytande havvind er i dag framleis på pilotstadiet, med det foreløpig største installerte prosjektet beståande av seks flytande vindmøller utanfor Skottland. Det er også fleire demonstrasjonsprosjekt, som ved MetCentre utanfor Karmøy.

Når det kjem til botnfaste havvindmøller er situasjonen ein heilt anna, med hyppig utbygging av store kommersielle parkar fleire stadar i verda, og med stadig aukande straumproduksjon. I Noreg ynskjer politikarar og næringsliv at nasjonen skal verte leiande innan flytande vindmøller, gitt den lange erfaringa med flytande installasjonar innan olje og gass.

Medan ein internasjonalt har 30 års erfaring med botnfaste vinmøller, er det lite erfaring med flytande vindmøller i kommersiell drift, og dette gir eit stort behov for ny kunnskap.

Investerte i ny simulator

– I kartlegginga var det fleire felt som skilde seg ut, mellom anna DP (dynamisk posisjonering) og bevegelseskompenserte gangbruer (walk to work). Dette er felt som næringa peiker på som viktige for maritime operasjonar inn mot havvind, seier Sortland.

Desse teknologiane er essensielle for å gjennomføre personelloverførsel frå fartøy og over til havvindmølla på ein trygg og effektiv måte. For å kunne trene på relevante øvingar knytt til DP, må studentane nytte simulator.

– Då vi avdekka dette behovet, omprioriterte vi prosjektmidlane slik at vi kunne investere i ein ny DP-simulator, fortel Kristoffer Fagervoll Sortland.