Vil skape meiningsfulle augeblikk for dei som lever med demens

Kan vi møte menneske med demens på ein verdig måte gjennom drama? Spørsmålet er utgangspunktet for Katrine Heggstad sitt doktorgradsprosjekt, som ho no skal presentere i Forsker Grand Prix.

- Forskinga mi handlar ikkje om å kurere demens, men om å skape meiningsfulle augeblikk for dei som er ramma, seier Katrine Heggstad når ho skal forklare kva ho forskar på.

Heggstad er stipendiat ved Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, og er HVL sin representant i årets Forsker Grand Prix. I doktorgradsprosjektet sitt har ho mellom anna invitert eldre menneske med demens til å forsøke å skape fantasifulle augeblikk gjennom drama.

Dramagruppe

Som ein del av Heggstad sitt doktorgradsprosjekt deltok ei gruppe eldre menneske med demens frå eit omsorgstun utanfor Bergen i ei dramagruppe saman med forskarar frå HVL i ti veker.

- For menneske med demens er det viktig å skape her-og-no-opplevingar som ikkje krev at ein hugsar, eller at ein vert minna om alt ein ikkje hugsar, fortel dramaforskaren.

Gjennom dramagruppa har forskarane og deltakarane utforska ulike situasjonar og fantasiar, frå skriving av kjærleiksbrev, til utforsking av det å reise, og ulike typar familiedilemma.

- Ei av damene på nesten hundre år, streva med å orientere seg, ho skjønte ikkje kor ho var. Men når vi mima at vi var på restaurant, lausna det, og ho bestilte eit glas vatn hos servitøren, forklarer Heggstad.

Opnar opp sansane

Heggstad er oppteken av at alle menneske har rett til å møte kunst og kultur i kvardagen.

- Kunst opnar opp sansane, og kan framkalle minne. I ein av familieimprovisasjonane vart ein av deltakane utfordra til å spele far. Han tok rolla med ein gong, og gjekk i diskusjon med mora og dottera. På førehand sleit han derimot med å finne kvart einaste ord, fortel ho.

Internasjonalt er det gjort ein del forsking på bruk av drama og kunst i sjukeheim, men i Noreg er dette relativt nytt.

- Det er viktig å møte menneske med demens med verdigheit. Dei kan fort bli fråtekne stemma si, fordi dei ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv , seier Heggstad.

Fleire får demens

I 2015 lanserte regjeringa Demensplan 2020, med undertittelen «Eit meir demensvenleg samfunn».

- Fleire og fleire menneske får demens, og dette er noko vi må ta på alvor. I prosjektet vårt prøver vi å finne teknikkar som til dømes helsepersonell og pårørande til menneske med demens kan ta i bruk, seier dramaforskaren.

Heggstad fortel at mange av dei eldre ho har snakka med, seier at omsorgstunet er ein god stad å vere, men at det som regel er lite som skjer.

- Som bebuar på ein eldreheim, kjem ein seg ofte ikkje så langt. Gjennom drama kan ein likevel skape augeblikk, der ein kan reise så langt ein vil, seier Heggstad.

Fakta om Forsker Grand Prix:

  • Forsker Grand Prix er ein formidlingskonkurranse der 10 forskarar får fire minuttar kvar til å engasjere publikum og dommarar.
  • Forsker Grand Prix vert arrangert i Bergen 27. september i Mimes Brønn på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Dørene opnar kl. 18.00. Showet startar kl. 19.00.
  • Dei to beste forskarane går vidare til den nasjonale finalen, som blir arrangert i Trondheim, laurdag 30. september. Les meir på Forskningsdagane sine sider.