Klart for campusverkstad i Bergen

Høgskulen på Vestlandet skal utvikle alle campusane som del av ein heilhetleg campusstrategi, og 17. og 18. november har turen komme til Bergen.

I Bergen blir verstaden halde fysisk i nybygget K2. Eksterne gjestar, studentar og tilsette frå ulike nivå i organisasjonen har takka ja til å halde innlegg, og det blir òg fleire paneldebattar. Det blir gode høve for uformell mingling, og onsdag blir dagen avslutta med konsert med Marthe Valle i nye Global Lounge.

– Begge dagane er opne for tilsette, studentar og andre interesserte. Vil du sjå kva moglegheiter framtida gir for HVL i Bergen, bør du absolutt ta del i verkstaden desse to dagane, oppfordrar Paul Manger, som er prosjektleiar for campusutvikling ved HVL.

– Vi ønskjer å skape engasjement og interessante diskusjonar rundt arbeidet med utvikling av campus Bergen, seier Manger.

Eit overordna perspektiv i arbeidet med campusutviklingsprosjektet er at utviklinga av dei fem campusane er viktig for å styrke ambisjonen om å bli universitet.

– Vi skal dyrke profilen vår som eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet med god forankring i heile regionen vår, tett på viktige samfunnsfunksjonar og lokalt næringsliv, avsluttar Manger.

Til program og påmelding.