
Klart for meir fysisk undervising
Høgskulen på Vestlandet opnar opp for fysisk undervising og ønskjer tilsette velkommen tilbake på campus. – Dette er ei gladmelding og noko vi har venta på. No går vi tilbake til ein meir normal studie- og arbeidskvardag på alle campusar, seier rektor Gunnar Yttri.
Han fortel at HVL så raskt som mogleg vil føgje opp dei nye retningslinjene frå Regjeringa.
– Vi rullar dette ut så fort ting lar seg gjere fagleg og praktisk. Vi vil frå i dag kunne gjennomføre den fysiske undervisninga som er planlagt i timeplanen. Studentane må halde seg godt oppdatert i Canvas og timeplanen, seier Yttri.
Dei nye retningslinjene understrekar at det ikkje lenger er avgrensingar knytt til tal på personar i undervisinga, og det er unnatak frå 1-meteren i undervisninga. Alt innanfor eit godt smittevern.
– Sjølv om vi no opnar opp og får til meir og meir fysisk undervising på campusane framover, er det er viktig å ha med oss dei grunnleggjande smittervernstiltaka også i det vidare, understrekar rektor.
I dei nye retningslinjene frå Regjeringa er det heller ikkje påbod om tilrettelegging for heimearbeid for tilsette.
– Vi ønskjer våre tilsette velkommen tilbake på arbeidsplassen sin. Eg har særleg sut for våre nytilsette og gler meg over at dei frametter kan ha gode arbeidsdagar på campusane våre.
– Så ser vi at smittetrykket er stigande, og vi må ta høgde for at både studentar og tilsette kan få sjukefråvær. Vi må finne ein god balanse kor vi opprettheld god drift og kontinuitet.
– Difor vil heimearbeid og bruk av digitale møter vere verkemiddel også i tida framover. Eventuelle avtalar om å arbeide heimanfrå må avklarast med nærmaste leiar.
Rektor fortel at HVL vil opne for arrangement på campus i tråd med nasjonale tilrådingar og krav.