Engasjement for miljø og bærekraft blant religiøse

Denne veka samlast fagfolk frå heile verda i Bergen for å utforske og formidle kunnskap om korleis ulike religionar jobbar med og tenker om klima- og bærekraft.

– Arbeid med bærekraft og bærekraftspedagogikk er eit satsingsområde for Høgskulen på Vestlandet. Ved å arrangere denne konferanse viser høgskulen vilje til å satse på bærekraftsdidatikk og til å ligge i front på tematikken religion og miljø, Tom Sverre Tomren.

Store internasjonale nettverk

Han er førsteamenunsis ved Høgskulen på Vestlandet og initiativtakar til konferansen. I tillegg til HVL, blir konferansen arrangert av Den norske kyrkja, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Det Lutherske Verdensforbund (LVF), samt Al Mowafaqa Ecumenical Institute of Theology i Marokko.

– Å få med sivile aktørar på det grøne skiftet er veldig viktig. Dette gjeld også dei religiøse organisasjonane i verda. Korleis dei jobbar med miljøspørsmålet har stor betydning mellom anna fordi dei har moralsk autoritet og evne til å mobilisere massene. I tillegg har dei store internasjonale nettverk som gjer det mogleg å formidle kunnskap på tvers, fortel initiativtakaren.

Til konferansen kjem mellom anna forskarar frå Iran, Thailand, Canada, USA, Sveits, Kamerun, Marokko og Norge for å snakke om bærekraft i kristendom, islam og buddhisme. Deltakarane på konferansen kjem også frå ulike delar av verda. 

Bærekraft og religion i skulen

Tomren har i mange år vore engasjert i den kyrkjelege miljørørsla i Noreg og står bak fleire akademiske publikasjonar om økoteologi. I januar i år blei han også leiar av Norsk forskningsnettverk for bærekraftsundervisning.

Ifølge Tomren har klima- og bærekraftsperspektiv vore nesten fråverande i lærebøker i KRLE-faget. Han er glad for at bærekraft vil få større plass som eit tverrfagleg tema når den nye læreplanen trer i kraft i august 2020.

– På mange måtar kan konferansen sjåast på som eit bidrag til å styrke kompetansen på bærekraft innan KRLE-faget, i tillegg til samfunnsfag og pedagogikk. Når konferansen er ferdig skal utvalde tema som har blitt diskutert, munne ut i ei bok om religion og bærekraft, seier Tomren.

Ps: Er du student eller tilsett ved Høgskulen på Vestlandet, er du velkommen til å delta på hele eller deler av konferansen

Dette er ei sak om konferansen «Sustainability and Climate in Religion. Challenges and Potential for Society and Schools. 12. – 14. februar, Mimes brønn, campus Kronstad. Høgskulen på Vestlandet.

Les meir om konferansen her.