
Koplar grepet om den regionale rolle
Avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring er eitt av svara HVL møter framtida med. – Styret meiner dette er eit god grep for å støtte opp under den fagelege krafta i fakulteta våre, seier styreleiar Arvid Hallén.
Høgskulestyret har vore samla i to-dagar til styremøtet i Bergen. Dei fleste deltok fysisk, medan nokre deltok digitalt.
God merksemd
Hallén fortel at styret hadde mange saker på dagsorden. Første sak var etablering av avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring. Den nye avdelinga skal vera på plass frå 1. september og vera plassert under prorektor for regional utvikling.
- Det har vore jobba godt med denne saka og styret har gitt ho god merksemd.
Den nye avdelinga skal vera pådrivar for å styrke HVL sitt eksterne samarbeid og for livslang læring i HVL. Avdelinga skal støtta fakulteta i deira arbeid med å realisere forventningane knytt til mellom anna kompetansereforma.
- Vi tok oss god tid i handsaminga av saka og vi meiner denne satsinga er eit naudsynt grep for å kunne følgje opp strategien vår og dei forventningar som vert retta mot oss. Vi ønskjer med dette å kunne tilby meir fleksible utdanningar tilpassa mange ulike målgrupper gjennom ein enda tettare dialog med samfunnet. Det å ha eit tydeleg kontaktpunkt på kvar campus for omverda, skal hjelpe oss med dette.
- Avdelinga skal støtte fagmiljø i fakuleteta. Styret ser fram til å følgje dette viktig arbeidet.
Styrkje på lang sikt
Satsinga på fleksible og framtidsretta studietilbod viste seg og igjen i dei andre sakene på styrebordet.
-Vi har fått ein grundig og god presentasjon av studieporteføljen vår. Det vert utvikla nye studietilbod, det vert gjort gode tilpasningar av eksisterande tilbod og det ligg gode planar for å møte behova i samfunns- og arbeidslivet rundt oss med nye tilbod av kortare og lengre art.
- Så er det og nokre problemstillingar som blir løfta og som vi som høgskule må ta med oss vidare og ha merksemd på. Men i denne saka legg vi grunnlaget for innretning og satsing. Det er ei fin inngang til å styrkje oss som høgskule og universitet, seier rektor Gunnar Yttri.
Investeringsplanar kjem
Campusutvikling var inne som orienteringssak.
- Dette er eit spennande arbeid. Studiestadane er vårt store aktivum fordi dei gjer oss i stand til å vera tett på heile regionen vår. Det er eit unikt utgangspunkt. Prosjekt campusutvikling skal styrkje studiestadene og ta meir ut av det potensialet, seier Hallén.
Økonomisituasjonen i høgskulen vekte og engasjementet i styrerommet.
- Vi har eit handlingsrom, men mykje er bunden opp i ulike prosjekt og aktivitetar. Styret er oppteken av at vi framover må jobbe klokt og godt med å få ned avsetningane våre utan at vi byggjer opp eit for høgt driftsnivå. Fakulteta og fellestenestene må utarbeide investeringsplanar som gjer det mogleg.
- Økonomi er nært kopla til strategien vår og universitetsambisjonen. Dei gode strategiske grepa og investeringsplanane må sjåast i samanheng. Dette får vi tilbake til styret i fleire omgangar utover til hausten.
BEREKRAFT STIG FRAM: Koordinator Siri Smith orienterte styret om høgskulen sitt berekraftsarbeid. I PAUSEN: Styremedlem Trond Ueland og Ragnar Gjengedal i ein pause saman med styreleiar Arvid Hallén.
TAKKA AV: Studentrepresentantane Bjørn Olav Østeby og Mari Ingeborg Bjor Hognestad hadde sitt siste møte – og blei takka av for godt arbeid av rektor Gunnar Yttri og styreleiar Arvid Hallén.