Koronasituasjonen ved campus Sogndal

Sogndal kommune strammar inn smitteverntiltaka, og har komme med nye tilrådingar som er gjeldande til 2. desember.

Smitten aukar i Sogndal, og høgskulen held seg løpande oppdatert. Aktiviteten på campus går som normalt, men ein er budd på at ting kan endre seg framover.

Tilrådingane frå kommunen er:

  • Bruk munnbind der det er utfordrande å halde avstand
  • Reduser talet nærkontaktar
  • Hald avstand der det er mogleg
  • Unngå arrangement der det ikkje er mogleg å halde avstand

Sjå info på Sogndal kommune sine nettsider

Forsterkar smittevernet på campus

HVL oppfordrar tilsette og studentar i Sogndal om å følgje tilrådingane frå kommunen. Vi forsterkar smittevernet på campus, med særskilt forsterka merksemd om smittevern i samband med gjennomføring av arrangement. 

At aktiviteten ved campus Sogndal går som normalt, betyr at:

  • Undervisninga går som planlagt
  • Praksis går som planlagt
  • Ferdigheitstrening går som planlagt
  • Eksamen går som planlagt
  • Samlingar og arrangement går som planlagt, med forsterka merksemd på smittevern i samband med gjennomføring av arrangement.

Tilråding om heimekontor er ikkje aktuelt no.

Retningslinjer for smittevern ved HVL