Informasjon om koronatiltak

Til og med søndag 24. januar vil undervisning som kan gå digitalt, vere digital, men ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar vil bli gjennomført i enkelte fag. Studentar har tilgang til campus med nøkkelkort, og praksis vil bli gjennomført. Hald deg oppdatert i Canvas og TimeEdit.

Oppdatert 14. januar 2021.

Fekk du med deg nettmøtet om vårsemesteret? Du kan sjå opptak av nettmøtet her.

Studentar og tilsette har ansvar for å følge retningslinjene for smittevern til ei kvar tid. Vi minner óg om smittevernråda frå Folkehelseinstituttet. Sjå korleis du bruker munnbind korrekt.

Treng du nokon å snakke med?

Kven kan du kontakte ved HVL?

Sentralbordet vårt er ope måndag–fredag kl. 08.00–15.30. Du kan ringe HVL på nummeret 55 58 58 00

Fram til 18. januar er hovudregelen digital rettleiing. Ta kontakt med rådgivarane våre for avtale om studie- og karriererettleiing.

Har du spørsmål om kva rettar du har som student? Spør studentombodet.

IT-hjelpetenesta kan du kontakte på e-post og telefon 55 58 58 88.

Andre du kan snakke med

Du kan óg ta kontakt med Saman sine rådgivarar og psykologar. Saman har oppretta ei pratelinje du kan ringe for å snakke om kva som helst. Linja er open kvar dag, og telefonnummeret er 908 49 989.

Hjelpetelefonen til Mental Helse er ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og den du snakkar med, har teieplikt. Nummeret er 116 123Dei har òg ein chat på sidetmedord.no.

Du kan óg ta kontakt med Kirkens SOS22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er open alle kvardagar 18.30–22.30. Du kan vere anonym.

Sjekk også ut:

Undervisning

Til og med søndag 24. januar vil undervisning som kan gå digitalt, vere digital. Ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar kan likevel bli gjennomført i enkelte fag, og frå og med tysdag 19. januar er det krav om oppmøte for studentar som skal delta i obligatorisk læringsaktivitet som vert gjennomført.

Hald deg oppdatert i Canvas, og sjekk timeplanen din i TimeEdit.

Er nettstudier nytt for deg? Sjå vår nettundervisningsressurs for studentar.

I sjekklista for smittevern i ordinære undervisningsrom kan du sjå kva for reinhald som må gjennomførast før alle set seg og fysisk undervisning startar.

Skal du ha øvingar i SimArena, bruke laboratorium eller spesialrom? Sjå våre retningslinjer for smittevern ved HVL.

Praksis

Saman med praksisstadane planlegg vi å gjennomføre praksis våren 2021 som normalt, og innan dei til ein kvar tid gjeldane retningslinjene. Så lenge du ikkje høyrer noko anna, skal du møte opp i praksis som planlagt.

Ver merksam på at situasjonen knytt til koronapandemien og retningslinjene frå myndigheitene stadig er i endring. Dersom praksisstader innfører eigne smitteverntiltak som kan påverke praksisgjennomføringa, jobbar vi saman med praksisfeltet for å finne gode løysingar slik at studentar ikkje skal få forseinkingar i studieløpet. Hald deg oppdatert i Canvas og på hvl.no/praksis.

Tilgang på campus

Campusane våre er opne for HVL-studentar og tilsette, men grunna smittevernstiltak er campusane berre tilgjengelege for HVL-studentar og ansatte med nøkkelkort. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelige for dei som har behov for dette.

I Bergen verkar korta berre i hovudinngangen i K1 (inngang A) og inngangen frå Kronstadplass til K2. Studentar og tilsette kan bruke nøkkelkort i desse tidsromma:

  • Studentar har tilgang måndag–fredag kl. 07.30–20.00 ved alle campusar.
  • Studentar har tilgang laurdag kl. 10.00–18.00 ved alle campusar.
  • Søndagar har studentar tilgang til K2 i Bergen og til bygget i Haugesund kl. 10.00–18.00. Dei øvrige campusane er stengt for studentar søndag.
  • Tilsette har tilgang måndag–søndag kl. 06.00–00.00 ved alle campusar.

Biblioteket

Alle campusbibliotek er opne og bemanna, men rettleiingstenesta til biblioteket er fortrinnsvis digital. Biblioteket er òg tilgjengeleg på chat alle kvardagar kl. 10-14.

Her finn du meir informasjon om koronatiltak på biblioteket.

Eksamen

På grunn av koronapandemien vil skriftlege skuleeksamenar som hovudregel ikkje bli arrangert fysisk på campus våren 2021. Dette gjeld ikkje praktiske prøvar og praktiske eksamenar som det ikkje er mogleg å gjennomføre digitalt eller som heimeeksamen.

Følg med i Studentweb for informasjon om kva som gjeld for din eksamen. Der vil informasjon om eksamenar bli oppdatert fortløpande, og endringar som blir gjort seinare enn 1 veke før eksamensdato blir også kommunisert direkte til deg.

Planlagte heimeeksamenar, oppgåver og andre innleveringar blir gjennomført som vanleg.

Tidleg i vårsemesteret blir det høve til å ta ny/utsatt eksamen for studentar som grunna sjukdom/smittevern ikkje kunne ta eksamen som ble arrangert på campus i haust.

Du finn meir informasjon om eksamen på hvl.no/eksamen.

Utveksling hausten 2021

Her får du informasjon om utveksling etter kvart som situasjonen med koronapandemien utviklar seg.

Står du i fare for å miste studieretten?

Fekk du varsel hausten 2019 om at du kunne miste studieretten grunna manglande studiepoengproduksjon i to semester? Grunna koronasituasjonen vil du ikkje tape studieretten på grunnlag av manglande produksjon av studiepoeng før tidlegast våren 2022. Merk at du må produsere studiepoeng hausten 2021 for å behalde studieretten.

Brukte du opp utvida tid utover normert studietid i tidsrommet frå og med vårsemesteret 2020 til og med vårsemesteret 2021, kan du søke om få innvilga utvida studierett med eitt semester.

Her kan du lese meir om studierett.

Er du smitta?

HVL ønsker å bidra til å redusere spreiinga av covid-19. Derfor set vi pris på om studentar og tilsette som er smitta melder frå om dette, slik at HVL kan iverksette dei riktige smitteverntiltaka.

  • Tilsette som er bekrefta smitta kan melde frå til sin leiar, som vil melde dette vidare i linja.  
  • Studentar som er bekrefta smitta kan melde frå til sin kontaktlærar, som vil melde dette vidare i linja.

Fordi informasjon om helse er sensitive opplysingar, anbefaler vi at du snakkar direkte med leiaren eller kontaktlæraren din i staden for å sende melding eller e-post.

Du finn meir nyttig informasjon på nettsidene våre for studentar.