Canvas - læringsplattformen ved HVL
Canvas er ein viktig reiskap i studiekvardagen. Dette er ein digital læringsplattform og ein viktig informasjonskanal som blir brukt til meldingar frå lærar, oppgåver og innleveringar.
For å få tilgang til Canvas må du ha godkjent utdanningsplanen din og meldt deg til undervisning i Studentweb.
Er du ny student, må du i tillegg aktivere brukarkontoen din. Merk at det kan ta eit par timar før pålogginga virkar!
Du loggar på Canvas med Feidepålogging (same pålogging som til dømes Studentweb og brukarkontoen din), der brukarnamn er studentnummeret ditt, og passordet er det som du oppretta under aktivering av brukarkontoen.
Står du fast?
Inne i Canvas kan du klikke på ikonet HVL-hjelp nede til venstre.
Du kan óg oppsøke IT-hjelp eller ta kontakt med canvas@hvl.no.
Avspeling av video
Opplever du feil i avspeling av video i Canvas?