Brukarkonto
Som student ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) får du tildelt ein brukarkonto og ei e-postadresse til høgskulen sine digitale tenester. Kontoen gir tilgang til mellom anna:
- Studentepost (brukernamn@hvl.no)
- Læringsplattformen Canvas
- Eksamensplattformen WISEflow (berre innlogging med Microsoft).
- Trådlaust nettverk (eduroam)
- Office 365
- Studentweb og andre system
Viktig informasjon frå HVL blir sendt til e-postadressa di, og du er pliktig til å sjekke ho jamleg.
HVL nyttar multifaktorpålogging (MFA), og du må aktivere dette ved førstegongs pålogging.
Aktivere konto
For å ta i bruk brukarkontoen din må du aktivere han via https://konto.hvl.no:
- Aktiver brukarkonto
- Logg inn med BankID
- Fullfør aktivering
Dersom du manglar pinkode, kan du hente ny på same nettstad.
Passord
- Passordet må innehalde minst 16 teikn og ha både bokstavar og tal
- Kontoen blir automatisk opna igjen etter ca. 10 minutt ved fleire feilforsøk
- Av tryggleiksomsyn bør du byte passord for innlogging med jamne mellomrom
- Du kan ikkje bruke eit passord du har brukt tidlegare
- Passordet kan heller ikkje innehalde brukarnamnet ditt eller namnet ditt
Nedanfor finn du ei rettleiing for korleis du gjer dette.
Korleis loggar du på med Feide/Microsoft?
Bruk av Feide for innlogging
Feide er den nasjonale løysinga for trygg innlogging og deling av data i utdanning og forsking. Med ein Feide-brukar kan studentar, elevar, forskarar og undervisarar bruke eitt brukarnamn og passord for å logge inn på ei rekkje digitale tenester utan å måtte hugse fleire brukarkontoar.
Innlogging
Du skal logge inn med ein av følgjande metodar:
-
Microsoft arbeids- eller skulekonto
(bruk e-post frå Høgskulen på Vestlandet) -
ID-porten
(til dømes MinID, BankID eller liknande)
Gløymt passord/pin
Endre passord
- Gå til https://konto.hvl.no
- Velg "glemt passord"
- Logg inn med BankID for å sette nytt passord.
Tidlegare brukte passord kan ikkje nyttast på nytt.
Endre pinkode
- Gå til https://konto.hvl.no
- Velg "min konto"
- Logg inn med BankID
- Endre pinkode i kontoinnstillingane
Det kan ta inntil éin time før ny pinkode er aktiv.
Avslutning av konto
- Studentar: Brukarkontoen din blir sperra 90 dagar etter at du har avslutta studiet ved HVL.
- Tilsette: Brukarkontoen blir sperra 1 dag etter siste arbeidsdag. Ansatte får no mail 14 dager før avslutning av konto istedenfor 30 dager!
Du er sjølv ansvarleg for å ta vare på eigne data før kontoen blir deaktivert.
Dersom du ønskjer å halde fram med å bruke Office 365 etter at kontoen er sperra, må du teikne eit nytt abonnement hos Microsoft.
Rettleiing for overføring av filer til privat Microsoft-konto
Nullstille multifaktor
Nullstilling er nødvendig for å sette opp appen Microsoft Authenticator på ein ny mobil.
For nullstilling:
- Gå til tilgang.hvl.no og logg inn via ID-porten.
- Velg "katalog"
- Huk av "MFA-reset (for use when old phone is not available)"
- Velg "Be om" nederst på siden
- Huk av "Yes, I want to reset my MFA-settings"
- Velg "Be om"
Du vil ved neste pålogging måtte legge den til på nytt. Du finner guiden her.
Aktivering av konto for dei utan BankID
-
- Når kontoen er klar for aktivering, vil du få ein e-post med ei unik lenkje som du må følgje for å aktivere kontoen.
- Når du opnar lenkja, blir du sendt til ei nettside der du må stadfeste identiteten din via SMS eller kode frå telefonoppringing.
- Skriv inn koden og stadfest. Då skal aktiveringa vere fullført.