Studentweb

Her finn du ein kort presentasjon av funksjonar i Studentweb.

Du loggar deg på Studentweb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dersom du ikkje har dette, loggar du inn med fødselsnummer og PIN-kode eller med ID-porten.

Logg på Studentweb

Lurer du på noko?

Ta kontakt med servicetorget.

I Studentweb finn du følgjande informasjon:

Profil

Oppe til høgre finn du profilen din. Her kan du:

  • oppdatere kontaktinformasjonen din
  • logge ut

Les her kva du må gjere dersom du endrar namn medan du er student ved HVL.

Betaling

Her finn du betalingsinformasjon for semesteravgift.

Studium

Under dette menypunktet finn du utdanningsplanen din.

Aktive emne

Her ser du kva emne du er undervisnings- og vurderingsmeldt til. Vurderingsmeldt vil seie at du er oppmeldt til eksamen.

Her finn du også eksamensinformasjon som

  • eksamensdato
  • kandidatnummer
  • innleveringsfristar
  • romplassering
  • innvilga tilretteleggingstiltak

Dersom du har gått inn på eit emne, og infoen over ikkje er synleg, klikkar du på den grøne haka foran teksten. Du kan også finne denne infoen under "Kommende hendelser".

Resultat

Her finn du eksamensresultat. Du finn også informasjon om data som er rapportert inn til Lånekassen.

Grunngjeving og klage på karakter

Du kan be om grunngjeving eller klage på karakter.

Dokument

Her kan du sjå e-postar og sms sendt frå høgskulen. Du kan og laste ned det digitale vitnemålet ditt

Bestilling

Her kan du bestille karakterutskrift, semesterkvittering og stadfesting av studentstatus.