Vitnemål og karakterutskrift

Nasjonal vitnemåls- og karakterportal

Vitnemålsportalen er ei digital, gratis teneste. Der ligg både karakterutskrift og vitnemål. Du kan sjølv hente ut resultata dine frå høgare utdanning og dele med potensielle arbeidsgivarar og andre.

Meir informasjon og pålogging til Vitnemålsportalen.

Dersom du skal søkje opptak til ein annan institusjon, må du slå på utveksling av eksamensresultat i Søknadsweb for å overføre resultata dine.

Karakterutskrift

Har du behov for ei papirutskrift av karakterane dine, tingar du dette i Studentweb. Dersom du ikkje har ein aktiv studierett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL),  loggar du på med ID-porten.

Vitnemål

Frå 1.1.17 blir alle vitnemål skrive ut frå HVL, uavhengig av kor lenge du har studert ved ein av dei fusjonerte høgskulane.

Dersom du fullfører studiet ditt på normert tid, får du automatisk tilsendt vitnemål når siste sensur er registrert med bestått karakter. Vitnemålet blir sendt til heimstadadressa du har registrert i Studentweb. Hugs å oppdatere adressa di før siste sensur kjem.

Saman med vitnemålet vil du få eit Diploma Supplement. Det er eit vitnemålstillegg på engelsk som du kan nytte ved søknad om utdanning og jobb i utlandet. Diploma Supplement er ein beskrivelse av utdanninga du har tatt og det norske utdanningssystemet.

Dei som ikkje mottar vitnemålet til 30. juni, kan sjekke på vitnemålsportalen. Straks vitnemålet er produsert, kan du sende det vidare frå vitnemålsportalen.

Dersom du ikkje fullfører studiet på normert tid, må du tinge vitnemålet ditt på e-post hos eksamenskontoret eller kontaktpersonen på din campus (sjå kontaktboksen). 

Dersom du tar ny eksamen etter å ha mottatt vitnemål for fullført utdanning, kan du få dette dokumentert med karakterutskrift. Du må sjølv tinge karakterutskrift på Studentweb.

For mange studiepoeng i utdanningsplanen?

Ein utdanningsplan skal berre omfatte emna du treng for å oppnå ein grad. Har du fleire valfag/emne enn dette i utdanningsplanen din, må du innan fristen for semesterregistrering kontakte studierettleiar for å få fjerna ekstra valfag/emne. Emna i utdanningsplanen din kjem med på vitnemålet. Ein karakterutskrift kan vise andre emne.

Dersom du ikkje tar kontakt innan fristen, avgjer HVL kva emne som skal vere med på vitnemålet. Du kan ikkje i ettertid bytte emne på vitnemålet.

Klage på karakter for ferdigutdanna

Dersom du klagar og får endra karakter, må du returnere vitnemålet ditt før ny sensur blir publisert. Skulle du stryke etter klage, vil du miste graden og eventuelt autorisasjonen din.

Namneendring

Dersom du endrar namn medan du er student ved HVL, er du sjølv ansvarleg for å dokumentere dette i god tid, slik at du får rett namn på vitnemålet. Les meir om namneendring her. 

Duplikat

Vitnemål blir skrive ut éin gong. Ved tap av vitnemål kan høgskulen etter søknad og mot betaling som oftast skrive ut duplikat av tildelt vitnemål. Eit duplikat kostar kr 1000.

Autorisasjon

Når du er ferdigutdanna på bioingeniør, vernepleie, ergoterapi, radiografi, jordmor eller sjukepleie, vil HVL melde inn at du skal ha autorisasjon. Du får tilsendt ein e-post frå Altinn om innbetaling av gebyr. Høgskulen ordnar med gratis turnuslisens til avgangsstudentar på fysioterapi.

Eventuelle spørsmål rundt vitnemål sender du til post@hvl.no.