Semesterregistrering

Du semesterregistrerer deg i Studentweb kvart semester du er student hos oss.

Studentar i løp kan semesterregistrere seg for haustsemesteret frå 15. juli, og for vårsemesteret frå 15. desember. Frist for semesterregistrering og betaling:

  • 1. september i haustsemesteret
  • 1. februar i vårsemesteret
Innlogging til Studentweb


Er du ny student eller skal begynne på eit nytt studium? 
1-2 veker før studiestart mottar du ein SMS med ein pinkode. Når du har mottatt pinkoden loggar du på Studentweb for å semesterregistrere deg.

Semesterregistrering og brukarkonto for deg som er ny student.

Semesteravgift

Semesteravgifta er på 750 kr. 550 kr går til studentsamskipnaden og 200 kr er kopi- og læremiddelavgift.

Har du betalt semesteravgift, men trekkjer deg eller avbryt studiet, kan du få tilbakebetalt semesteravgifta. For å krevje semesteravgifta tilbakebetalt sender du ein e-post til semesteravgift-refusjon@hvl.no. Hugs å ta med studentnummeret ditt. Frist for dette er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

Tar du utdanning ved fleire institusjonar på same tid, skal du berre betale semesteravgift til den studentsamskipnaden der du tar flest studiepoeng. For å få slikt fritak ved HVL sender du e-post til semesteravgift-refusjon@hvl.no og legg ved kvittering frå banken på semesteravgifta du har betalt til den andre institusjonen. Hugs å ta med studentnummeret ditt. Frist for dette er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

Du kan i tillegg gi eit valfritt bidrag til SAIH på 40 kr. 

Stadfesting på at du er student

Du kan logge inn på Studentweb for å bestille bekreftelse med digital signatur. Logg inn, klikk på «Mer» i rullegardina, vel «Bestillinger» og «Bekreftelse». 

Om denne stadfestinga ikkje er nok, kan du bestille stadfesting her. 

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Servicetorget om du lurer på noko!