Betalingsinformasjon

Studium med krav om studieavgift i tillegg til semesteravgift har ein del ekstra krav og vilkår knytt til seg. Dette kan til dømes gjelde betalingsfrist og angrefrist. Felles er at det ofte kan bli store konsekvensar for deg som student, også økonomisk, dersom du ikkje sett deg inn reglane. Er du student på eit studie med studieavgift må du difor lese godt gjennom desse reglane.

Betalingsvilkår

Angreskjema

Studieavgift ved permisjon

Oppdragsfinansierte studium som er finansiert av staten, kan gi studentar særrettar regulert som krav frå oppdragsgivar i avtalen, til dømes retten til permisjon.

Dersom du er student på betalingsstudium som er finansiert med eigenbetaling betalt av deg som student, kan du søke om permisjon og ta opp igjen studia neste gong studia startar opp etter utløp av angrefristen og før studiet har starta opp. Du blir då belasta for studieavgift første semester. Dersom du avbryt studia og ikkje startar opp på studiet ved neste opptak, er studieavgifta for første semester tapt for deg.

Etter at studiet har starta opp, kan du søke om permisjon frå studiet i inntil to semester. Du betaler studieavgift for innverande (påbegynte) semester og kan starte opp ved første moglegheit om emnet blir tilbydd igjen. Dersom du likevel avbryt studia, er studieavgifta for inneverande semester tapt for deg. I tillegg blir du belasta for studieavgift for påfølgjande semester.

Når det gjeld eventuell godkjenning av permisjonssøknad, tar HVL atterhald om at studiet fortsatt blir tilbode etter at permisjonstida er gått ut.