Eksamen og oppgåveskriving
På desse sidene finn du informasjon om alle forhold knytt til eksamen og innlevering av oppgåver.
Hausten 2022 gjeld den vurderingsforma som står i emneplanen.
Om eksamen ved HVL
Før eksamen
Eksamensgjennomføring
Etter eksamen
Heimeeksamen og oppgåveskriving
Munnleg og praktisk eksamen
Du får informasjon om gjennomføring av munnleg og praktisk eksamen frå faglærar i Canvas.
Sjå informasjon om kva du bør førebu dersom du skal ha munnleg eksamen digitalt.
Treng du hjelp?
Vi ber om at du som hovudregel kontaktar oss skriftleg.
Treng du hjelp med bruk av digitale løysingar før, under eller etter eksamen, ta kontakt med oss via kontaktskjemaet vårt så svarar vi så snart som mogeleg.
Treng du hjelp med datamaskina di eller internett ta kontakt med IT-hjelp.
Førebu deg godt i forkant av eksamen, så får du ei god eksamensoppleving. Lykke til!

Rettar og plikter
Forskrift om studium og eksamen ved HVL regulerer mange viktige område som studierett, eksamen, vitnemål med meir.
Endringar
Høgskulestyret har i styremøtet 16. juni 2022 vedtatt endringar i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Endringane trer i kraft 1. august 2022, og vi vil gjennom sommaren jobbe med oppdatering av informasjonen på nettsidene.
Du finn informasjon om endringane som er gjort i styresaken 20/22 Har du spørsmål til dette, kan du sende ein e-post til utdanningsjurist@hvl.no
Har du spørsmål?
Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.