Fråvær frå eksamen

Dersom du er sjuk på eksamen, må du levere dokumentasjon på sjukdom seinast 1 veke etter eksamen. Når du leverer dokumentasjon i tide brukar du ikkje opp eit eksamensforsøk, og kan melde deg opp til eksamen ved neste høve.

Krav til dokumentasjon

Haustsemesteret 2020 er eigenmelding godkjent som gyldig fråvær frå eksamen. Dette gjeld både fråvær knytta til den ekstraordinære situasjonen med koronavirus og fråvær som skuldast sjukdom av andre årsaker. Pålagt karantene, der du elles er frisk, vert ikkje rekna som gyldig grunn for å ikkje avlegge heimeeksamen.

Du må framleis sende inn søknad for å få godkjent gyldig fråvær, men krav til dokumentasjon frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person fell bort.

Klikk her for å kome til elektronisk skjema

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan.

Fyll ut kontaktskjema