Ny eksamen

Ny eksamen (kontinuasjonseksamen) blir arrangert dersom studentar har stroke eller hatt gyldig fråvær på ordinær eksamen.

Reglar for ny eksamen er regulert av forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Oppmeldingsfrist

Fristen for å melde seg opp til ny eksamen er den same som for ordinær eksamen, det vil seie 1. september og 1. februar.

I desse tilfella er det andre fristar for oppmelding til ny eksamen:

  • Studium med progresjonskrav for studentar på campus Bergen, Førde og Sogndal: Oppmeldingsfrist 14 dagar før ny eksamen.
  • Studentar på campus Stord og Haugesund: Oppmeldingsfrist 1. februar for ny eksamen arrangert i vårsemesteret, 1.september for ny eksamen arrangert i haustsemesteret (oktober – januar) og 1. juli for ny eksamen arrangert i august/september. 

NB! Dersom du ikkje møter til ordinær eksamen, og ikkje leverer legeattest i tide, har du ikkje rett til å få arrangert ny eksamen. Dersom ny eksamen likevel skal gjennomførast, kan du melde deg opp til den. Dersom ny eksamen ikkje blir arrangert, kan det føre til at du blir forsinka i utdanninga. I studieplanen for studieprogrammet ditt går det fram kva som gjeld for deg.

Slik melder du deg opp

Du melder deg opp til ny eksamen i Studentweb, men du må vente til resultatet frå siste ordinære eksamen i emnet er publisert. Dersom ny eksamen blir arrangert, vil du sjå ein knapp merka «Ta emnet på nytt» ved sida av resultatet ditt.

Har du meldt deg opp i eit emne der det er opna for ny eksamen i fleire eksamensdelar? Då er det viktig at du sjekkar oppmeldinga di, og trekker oppmelding i eksamensdelar du ikkje ønskjer å ta ny eksamen i.

Har du ikkje møtt til eksamen i emnet, trekt deg frå eksamen innan frist eller har avbrote eksamen på grunn av sjukdom utan å levere legemelding? Då vil du ikkje få til å melde deg opp til ny eksamen via Studentweb, sjølv om det blir arrangert ny eksamen i emnet. Etter at eksamensresultatet frå siste ordinære eksamen er publisert, kan du melde deg opp ved å sende ein e-post til eksamenskontoret ved studiestaden din. E-posten må innehalde studentnummer, fullt namn, studieprogram, kva campus du høyrer til, emnekode, emnenamn og eventuelt eksamensdelen du ønskjer å melde deg opp i.

Når ein student har avlagt ny eksamen, gjeld den beste karakteren.